Det vi aldri får forklart i «Harry Potter»

Tags
BloggBok
image

Kor mykje er eigentleg ein Galleon verdt? Fire punkt eg har tenkt altfor mykje på.

Basert på eit foredrag halde på Harry Potter-Helhus ved Studentersamfunnet i Bergen. Seinare påbygd via intens Twitter-diskusjon.

Eg fekk mi første Harry Potter-bok til 12-årsdagen min i 2000. Mi første, som faktisk var den fjerde boka — Harry Potter and the Goblet of Fire. Onkel i Danmark hadde kjøpt den litt på impuls, litt på oppfordring frå bokhandlar, og endte med å dytte meg inn i ei verd som eg har haldt meg mykje i oppgjennom åra.

Etterpå fulgte eg serien som skuleelev fram til eg vart 17, og gjennom internett har eg lest altfor mykje om J.K. Rowlings fantastiske verd. Seinare har eg vore journalist og blant anna snakka om min kjærleik til blant anna Harry Potter i alt frå Studentradioen i Bergen, til Bergens Tidende, til NRK Filmpolitiet.

Heldigvis deler eg hus med ei som har same oppfatninga. Då eg flytta saman med ho som seinare vart kona mi, måtte vi finne ut hvilken av våre to komplette samlingar med Harry Potter-bøker vi skulle ha i hylla. Då Patronus-testen nyleg kom på nettsida Pottermore, endte vi med å få akkurat det same dyret sjølv om tok testen kvar for oss — ein Ragdoll cat.

Våpenisert og kynisk bruk av søtheit.
Våpenisert og kynisk bruk av søtheit.

Dette var augneblinken eg la inn for å få eit NAWWW frå publikum.Det fungerte relativt ok.

Det som fascinerte meg er det same som har fascinert mange andre med Harry Potter-universet. Vi — på same måte som Harry i den første boka — blir dytta uti eit enormt basseng med referansar, tradisjoner, og fakter vi aldri har høyrd om før, som kjennest så rike og fullstendige at det er lett å fordjupe seg i det.

Det følest eigentleg litt som å vere religionshistorikar eller teolog, djuplesing av fragment og kanoniske tekstar, i diskusjon med andre lærde i verkelegheita eller på internett. Vi identifiserar oss alle med ulike delar av tekstane, har eigne tolkingar av figurar og verdener, og har teoriar om det vi ikkje får sett.

Som Emile Durkheim sa — religiøse idear kjem ikkje frå skriften i seg sjølv, men frå «collective effervescence»: gruppa si felles entusiasme rundt ein tanke eller ein idé:

Emile Durkheim, public domain.
Emile Durkheim, public domain.

– Anyone who has truly practiced a religion knows very well that it is [the set of regularly repeated actions that make up the cult] that stimulates the feelings of joy, inner peace, serenity, and enthusiasm that, for the faithful, stand as experimental proof of their beliefs.

Det er ein grunn til at ordet «fan» kjem frå ordet «fanatiker» — vanlegvis beskrivande om religiøse miljø. Eller sport da.

Men…

Det er fullstendig mogleg å pirke på i randsonene til Harry Potter-universet. Uansett kor mange småartiklar Rowling skriv på Pottermore vil ho heldigvis ikkje kunne klare å forklare absolutt alt, såpass mykje står framleis uforklart, eller underforklart, eller i aller verste fall openbart feil.

Harry Potter kjennest som dét fiktive universet — ved sidan av kanskje Game of Thrones og Star Wars — med flest fanteoriar, nettopp fordi det finst slike bruddstykke med offisiell informasjon over alt.

Og eg elskar slikt. Ikkje nødvendigvis konspirasjonsteoriane — men å diskutere slike verder i lys av verda vi er i. Difor vil eg plukke opp fire trådar som eg synest er artige å diskutere:

  1. Tida før Hogwarts
  2. Pengar har inga meining
  3. Folketal og magisamfunn
  4. Tida etter Hogwarts

1. Tida før Hogwarts

Alle har vel hatt lyst til å vere Harry Potter sumaren 1991. Det er den 31. juli, Bryan Adams med «Everything I do I do for you» er soundtracket til alle første kyss gjennom heile sumarferien, og du har nettopp fått vite at du og den slitne flanellskjorta di får lov til å rømme frå den grå og undertrykkjande britiske forstadskvardagen du har levd i hittil.

YERAWEZARDHARREH! Skjermskot frå «Harry Potter og de vises sten».
YERAWEZARDHARREH! Skjermskot frå «Harry Potter og de vises sten».

Fordi du er motherfuckings magisk!

Dei fleste Hogwarts-elevane visste nok dette allereie, og det blir diverre sagt lite om kva som hender før desse elevane dreg på skulen. Dei som er fødd inn i Muggle-familiar — anten via éin eller fleire ikkje-magiske foreldre — er kanskje lettast å anta at har gått nokre år på barneskule først. Men kva med dei magiske borna?

Rowling har forklart at mange av heksene og trollmennene blir opplært i heimen i åra før dei blir kalt til Hogwarts. Magikarar må ha ei fantastisk evne til å lære folk lesing og skriving — om ikkje er det rart at heile magisamfunnet har omtrent same leseforståing som den jamne fjerdeklassing, for særleg meir skriftforståing er det tydelegvis ikkje rom for på ein magisk skule.

Men Hogwarts-elevane slepp også diktanalyse, så kven som er dei verkelege vinnarane er heller usikkert—hehe, badumptsj! (Førre setning er ein openbar publikumsflørtande bløff frå mi side, all den tid ei stor del av mi profesjonelle verksemd har vore avleiringar av diktanalyse – og i det heile teke er desse 2600 orda også diktanalyse.)

Ikkje eit vondt ord om fjerdeklassingar , altså— men at det ikkje er ein einaste omtalt dropout frå Hogwarts, med unntak av «frivillige» som Fred og George Weasley, høyrest merkeleg ut. Det kan sikkert forklarast med magi. Og ja, eg veit at «alt kan forklarast med magi» eigentleg er akilleshælen i alle argumenta mine her — slik er då ein gong teoriar om fantasy-historier. Men bjørn litt med meg, er du grei.

Det finst 11 godkjende magiskular. Hogwarts for Storbritannia, Beauxbatons for Frankrike og omegn, Durmstrang for Aust-Europa og Skandinavia mm., samt ei rekkje andre — blant anna Ilvermorny i Nord-Amerika, og Castelobruxo for Sør-Amerika — som vi kanskje får vite meir om i det som no er fem — 5 — Fantastic Beasts-filmar dei komande åra, den andre i november 2018.

Men, Rowling anerkjenner at det finst andre opplæringsformer og uoffisielle skular. Til dømes brevkorrespondansekurs i område med få skular, der eg då ser for meg heksespirer i ødemarka eller ein djup fjord ein stad som får alle sine Wingardium Leviosa-tips frå snakkande brev eller tilsendte bøker.

Joanne Kathleen Rowling, av Daniel Ogren. CC-BY-SA: 

– I mean, obviously magic is very rare. I wouldn’t want to say a precise ratio. But if you assume that all of the wizarding children are being sent to Hogwarts, then that’s very few wizard-to-Muggle population, isn’t it?There will be the odd kid whose parents don’t want them to go to Hogwarts. —J.K. Rowling

Er dette som friskular å rekne? Er det druidesirklar for unge magikarar i Skottland? Gandecamps i Finnmark? Eg merkar eg vil vite meir om desse, som forfattaren sjølv omtalar som «the odd kid». Kvifor vil dei ikkje sende kidsa sine til ordentlege skular!? Og kva gjer dei i staden!!??

2. Pengar betyr ingenting

The Ministry of Magic betalar alle skulepengane for elevar ved Hogwarts. Det vart Rowling nøydd til å offisielt bekrefte etter at Mics kulturredaktør, Kevin O’Keeffe, i 2015 rekna seg fram til at Hogwarts ville koste rundt 350 000 kroner i året.

image

For det første er det vel logisk at Ministeriet vil oppfordre alle sterkt til å få ordentleg skulegang (kanskje nettopp for å unngå gandecamps i Finnmark), for det andre er Rowling aktiv arbeiderpartipolitikar (om enn ikkje så begeistra for Corbyn), og slik sett særs oppteken av gode velferdstilbod her i den verkelege verda.

Det kan kanskje forklare kvifor dei tydelege klasseskilja — både på pengar, og mengda magisk blod — med unntak av Draco Malfoy — ikkje verkar å ha særleg innverknad på Hogwarts. Sjølv husnissane går i arv, og blant få ting vi eigentleg ser Weasleyane slite med, er at festskjortene deira har gått av moten.

Så godt som alle—uansett om foreldra er rike, fattige, eller tannlegar—går nemleg på Hogwarts. Og ærleg tala, dersom Harry hadde villa, hadde det ikkje vore noko problem for han å betale prisen for gode sopelimar til alle på laget hans heller. Såpass har han i gullkvelvet sitt.

Men sånn generelt gir pengar inga meining i Harry Potter-verda. Mynteininga er rett nok ein analogi basert på unødvendig kompliserte britiske talsystem, med sine stone og pounds, inches, feet, furlongs, ounces, dinkles, shoggoths, og så vidare — greit nok — men likevel da. Ifølgje ekstraboka Quidditch Through The Ages er 1 britisk pund i 2001 verdt omtrent 164 knuts. Altså rundt ⅓ Galleon. Slik kan vi rekne oss fram — i norske kroner — at 1 Galleon er verdt omtrent 33 kroner i dag.

Tenk om den største mynteininga vi hadde hatt var ein penge som var verdt 33 kroner! Kan du tenkje deg problemet du ville ha hatt med å kjøpe ting som er dyrare enn berre ein heilt enkel handlepose på butikken?

— Eg skulle gjerne ha hatt ein sofa! Her er, bokstaveleg talt, ein haug med pengar.

Men, denne summen varierar veldig. I intervju har Rowling seinare sjølv sagt at ein Galleon er verdt rundt 60 kroner, og i bøkene ser det ut til å vere verd både meir og mindre enn det.

At det ikkje finst nokre magikarar, eller Muggle-foreldre av trollmenn og hekser for den del, som har innsett at 1 Galleon si vekt i gull er meir verdt enn pengeverdien av mynten er òg merkeleg. Sjølv 1 gram gull av låg kvalitet kan fint nå 100 kroner grammet, og ein Galleon er reint gull! Sjølv bitcoin-fanatikarar hadde skjønt dette.

Lag noko, eller kjøp det for Muggle-pengar, selg det til ein britisk trollmann, selg pengane for gullverdien hjå gullsmeden, og gjenta og gjenta og gjenta… Gratulerer, du er verdas rikaste person!

Mon tru om ikkje Hogwarts-elevane hadde hatt godt av litt bed.øk. Eg er sikker på at Hermione har bed.øk.

No er ikkje eg typen som vanlegvis går rundt og anbefalar fan fiction — staden der stort sett unge håpefulle forfattarspirer skriv sine eigne historier basert i eksisterande fiksjonsunivers. Men om du føler for å lese eit stykke litteratur der Harry Potter ikkje er ei kua middelklassepingle, men i staden ein Ayn Randsk parodi på den allvitande, arrogante smartingen—så utforskast mange av desse «feila» i J.K. Rowling sitt univers i Harry Potter and the Methods of Rationality.

Om du ikkje les alt er det heilt greit, du kjem til å skjøne poenget ganske kjapt. Dei pirkar dessutan endå meir enn det eg gjer.

3. Folketal og magisamfunn

Så, til eit mykje diskutert spørsmål: Kor mange er det eigentleg i det britiske magisamfunnet?

Hogwarts er ein skule for trollmenn og hekser på dei britiske øyene — inkludert Irland. Akkurat korleis Ministry of Magic forholdt seg til ting som konflikta mellom katolikkar og protestantar i Nord-Irland på 90-talet er vanskeleg å seie, men det var iallfall ikkje noko som tilseier at det påverka Hogwarts.

Death Eater-angrepet på Londons Millennium-bru i Half-Blood Prince vert jo dytta under teppet som terror, noko som skapar ganske tunge implikasjonar om kva Ministry of Magic kan ha gjort for å dekke over kampane gjennom heile 90-talet—for ikkje å snakke om terroråtak ellers. Confringo spells can melt steel beams(?)!

Rowling har derimot sagt at det er omlag 1 000 elevar på Hogwarts, og sånn nokolunde i nærleiken av 3 000 hekser og trollmenn i Storbritannia.

På den tida var det rundt 60 millionar menneske på dei britiske øyene, av 5,5 milliard menneske på planeten. Om ein antek at det same størrelsesforholdet mellom magikarar og Muggles gjeld i resten av verda òg, så er det omtrent 280 000 magikarar i heile verda. Det høyrest litt lite ut, sånn eigentleg.

Når verdscupfinalen i Quidditch blir spelt i Storbritannia i 1994, vart stadion bygd for eit publikum på 100 000.

Apropos Quidditch. Eg må seie at eg er litt skeptisk til rekrutteringsgrunnlaget til dei britiske landslaga — for ja, England, Irland, Nord-Irland, Wales og Skottland har kvar sine landslag. Resultatet vert som om det norske landslaget i fotball skulle ha vore plukka ut frå heimtraktene mine i Indre Sogn. Ikkje eit vondt ord om fotballferdigheitene i Indre Sogn, men plutseleg verkar ikkje quidditch som toppidrett lengre.

Levendefødte. 1900–1998. Ein viss nedgang i perioden 1939–1945, gitt. Kjelde: SSB.no
Levendefødte. 1900–1998. Ein viss nedgang i perioden 1939–1945, gitt. Kjelde: SSB.no

Noko av dette kan sjølvsagt forklarast med at det magiske Britannia nyleg var ferdig med ein krig. Som alle veit, Voldemorts krigføring hadde pågått sidan 70-talet—med gryande oppstart endå tidlegare,—og slutta i 1981 etter hans første møte med Harry.

Sjølv om det berre er omlag 40 elevar i Harry sitt år, og mogleg tilsvarande lite tal i dei tidlegare åra, så gjekk nok fødselstala oppover i dei påfølgjande åra — slik dei har ein tendens til å gjere historisk sett (sjå graf).

Midt oppi dette blir òg husinndelingssystemet litt merkeleg. For er det slik at cirka ein fjerdedel av kvar klasse går i kvart sitt hus uansett?

Berre tenk på barneskuleklassen din, og sjå for deg kvar alle dei skulle vere plassert. Nokre er sikkert i Slytherin — det er veldig lite Slytherinsk å ikkje vere stolt av tilhøyrigheit og ambisjon! Og dei tre andre husa kan berre slutte å vere så hoverande — Peter Pettigrew var i Gryffindor, professor Quirrell gjekk i Ravenclaw, og Hufflepuff… vel… eh, dei er neppe heilt uskuldige dei heller.

Uansett, klassen din var sikkert ikkje heilt jamnt fordelt! Om vi då går attende til Hogwarts — er det mogleg at det same kan hende der? At planetane står i ein viss senit eit år, og fører til at absolutt alle blir Hufflepuffs? Merkelegare ting har hendt!

4. Tida etter Hogwarts

Så, etter 7 år på Hogwarts er altså eit kull på rundt 40 til 140 ungar ferdige med si grunnutdanning. Kva gjer dei så? Det er iallfall fleire karrierer det verkar mogleg å gå rett inn i etter Hogwarts, men er det fleire utdanningstilbod?

Ikkje akkurat i form av universitet og høgskular — men i det store og heile verkar kompetansehevinga å vere basert på laug, lærlingplassar, og ulike yrkesskular.

Auror-treninga som Harry Potter tek etter Hogwarts er beskrive til å vare i tre år etter Hogwarts. Dei lærer så få lækjande trylleformlar at det er openbart at det må finnast lege- eller sjukepleiar-liknande utdanningar, slik at ein til dømes kan arbeide ved Saint Mungo-sjukehuset.

Og kva er vel trollmannsverda utan sjølvstuderande folk i Wizard Towers som pløyger djupare ned i magien enn nokon andre har gjort tidlegare? Eller som vi kanskje ville ha kalt det… akademikarar.

Ellers er nok dei fleste i liknande variantar av jobbar som oss. Noreg — som òg i stor grad er basert på statsbetalt utdanning — har over ein tredel av befolkninga i offentleg sektor. Det ville ikkje overraske meg om det var endå meir i den britiske trollmannsverda.

Sanningsvitne og hobbybrite @OdaRygh utbroderar Det Offentlege Storbritannia på twitter.

(Om du ikkje skjønte det, så er dette ei heimelaga montasje.)
(Om du ikkje skjønte det, så er dette ei heimelaga montasje.)

Til mi store glede er det heilt tydeleg at det finst radiofolk i magiverda, iallfall. Radioen som underhaldning og opplysning er referert til ofte. Men visste du at britiske magikarar på 80-talet forsøkte å lage ein TV-kanal også?

Iallfall ifølgje Rowling på Pottermore, som beskriver at ideen om British Wizarding Corporation Company vart slått ned på fordi det var skummelt å skulle sende trollmannshemmelegheiter gjennom Muggle-teknologi (eit eksempel på at alt openbart ikkje kan løysast med magi).

Det får meg til å tenkje på kva andre yrker det fort kan finnast trollmenn og hekser i. Greit, den næraste familien til Muggle-borns veit om magiverda. Muggle-statsministeren, og mogleg nokre av hans næraste medarbeidarar veit om det. Men kven andre kunne ha blitt med på leiken?

Ministry of Magic har eigne grupper som dekkjer over offentlege hendingar med magikarar eller magiske beist — greit nok — men ikkje kom her og sei at store Muggle-skadedyrfirma ikkje har minst éi heks som er spesialisert i å ta knekken på magiske krabatar på lønningslista.

Det vil på alle måtar vere lettare å ringe ho enn at det skal gå heile vegen til Ministry of Magic først kvar gong det dukkar opp Pixies, Fairies, Doxys, eller:

image

Om du etter dette føler at eg er litt for pirkete, så har du jaggu meg heilt rett — men eg følgjer den grunnleggjande tanken om at det eg elskar må eg kunne kritisere.

Visste du forresten at Draco Malfoy er ein varulv? Eg trur ikkje på Rowling når ho seier at det ikkje stemmer.

Liknande utforskingar

Eg vil takke Oda Rygh og Thomas Heger og andre for god idémyldring. Om du vil diskutere meir om Harry Potter, eller andre rare ting, er eg til dømes særs tilgjengeleg på stader som Twitter, der under namnet @tanketom.

🍃
Heim · Tekst og meiningar er mine eigne · DFTBA: Ikkje gløym å vere framifrå · Andreas H. Opsvik: @tanketom@tutoteket.no