Dette er eit forsøk på ei liste over gode norske ord til rollespelkampanja di. Det herskar eit slags forståing av at norsk er eit fattig språk, og engelsk er eit rikt eitt. Det er sjølvsagt tull. Her er eit forsøk på å tette kunnskapsgapet vi alle har fått av å lese Lord of the Rings og rollespelbøker på engelsk, medan gode eventyrar- og magikarord har fått gå i gløymeboka.

Denne lista er spesialisert rundt slott og borger, for å samle gode norske ord om konstruksjonar og arkitektur som gjerne er brukt i fantasy-historier.

Under construction (som det heiter på nynorsk)!

Ei samling artiklar i kategorien Språk i rollespel:

EngelskNorskForklaring
ArsenalArsenal, våpenlagerIkkje ein fotballklubb, men ein lagerbygning for våpen og ammunisjon.
Arrow slitSkyteskår, pilskår, glugge, embrassyrGlugge for piler, kanoner, eller andre våpen.
Bailey, courtyardBorggårdEin plass omringa av borgmur
BattlementMurkroneØvste del av ein borgmur. Må ikkje ha krenelering eller skyteskår for å bli kalla -krone, men det er der opphavet til ordet kjem frå.
BarracksBarakke, brakke, stokk, brakkestokk, kaserneBustad for soldatar.
BarbicanPorttårnHovudtårnet ved borganlegget, gjerne framfor festningsporten.
BastionTenalje, BastionEi innskytande vinkel i ein festningsmur, det franske ordopphavet betyr knipetang, sidan murane rundt kunne minne om tennene på ei tang.
Bastion fortStjernefestning, bastionfortEin festningstype der ytre mur er samansatt av tenaljer rundt ei mangekanta form, slik at det frå lufta minner om ei stjerne.
BelfryKlokketårn, Beffroi, barfrøVanlegvis eit tårn med ei klokke i, men kan også brukast om sjølve klokkerommet i kva som helst tårn.
BridgeBruKonstruksjon for å late folk krysse eit vanskeleg farbart område.
ButtressStrebepilarUtvendig pilar som støtter opp takkonstruksjonar.
BulwarkBolverkProvisorisk festningsverk
Castellum, fortletKastellMindre, frittståande festning eller borg.
ChapelKapell, borgkapellKyrkje, ofte nær borgtårnet for å framheve viktigheita.
Corps de logis, great hallFestsal, storhall
Corps de gardVakthusVakthus med innkvartering.
CrenelationKrenelering, skyteskår, murkroneRegelmessige nedsenkingar i ei brystning som ein kan sikte ut frå eller få oversikt utan å vere eksponert for fare.
Curtain wallRingmur, kurtinmur, kurtineEin mur som strekker seg rundt festninga og beskytter borggården.
Donjon, keepBorgtårn, kjernetårnDet sentrale befesta tårnet i ei festning, ofte frittståande.
DrawbridgeVindebroEi bevegeleg bru over ei vollgrav eller elv, som kan dragast opp for å hindre overfart
DungeonFangetårn, fangehullRom der du oppbevarar fangar.
Gatehouse, guardhousePortbygning
MachicolationSkyteskårNedadvendte skyteskår ein kunne sleppe glødande stein eller kokande bek ned på angripande fiendar.
MoatVollgravSenka terreng rundt forsvarsverk, gjerne fylt med vatn, men kan også vere tørr.
ParapetBrystning, brystvernEit gjerde på toppen av ein mur eller vegg, som hindrar folk å falle ut eller å vere eksponert for fare utanfrå.
PalisadePalisadeGjerde av tømmerpåler som er gjort spisse på toppen
PitfallFallgravGrop gravd for at nokon skal falle i den.
PortcullisFallgitter, gitterport, portkulisse, nedsenkbart gitterSenkbar gitter framfor festningsport.
Secret doorLønndør, hemmeleg dørEi skjult dør til hemmelege passasjer eller holrom.
Secret passageLønngang, hemmeleg gangEin skjult passasje mellom to punkt, som rømningsveg eller til anna lyssky aktivitet.
TrapdoorFallem, falldør, falluke, kjellerlemOrdet i seg sjølv kan bety både skjulte luker og kjellerluker og feller. Gjerne om lem som kan falle rett ned, td. lem over en fallgrav eller passasje til etasje under.

Ordlista

Kjelder