Digitalhagar
👨‍🌾

Digitalhagar

🌲
«I hagen» (frå Seljefløyta) av Olav H. Hauge

Det er so uneleg og skygt i hagen, - nesten yverbygt av gullregn og kastanje. Her sit me dagar lenge, her kan me kvila trygt.

Sit me i skuggen - som ein foss fell ljoset inn framfyre oss på plen og flator rette med vegar hellesette, på bed og hekk i kross.

Her blømer kornus og jasmin i tyrehjelm og kvit lupin. Konvall i lauv seg gøymer og slanke liljor drøymer, i graset gullbost skin.

Det er diktet over eg valgte som inngang til denne sida, og det er fordi det, i tillegg til å vere eit kult dikt av

, beskriver ein del av det eg skulle ynskje internett var – uneleg og skygt. Uneleg, eller koseleg, og skygt, skvetten og styrlaus, er to ord eg synest beskriver ynskjet mitt godt.

Så kan eg seie som ein anna av mine forbilder,

, at noko av det dei siste åra har vist meg er at internettet ikkje er ei éintydig kraft i det godes teneste – men det betyr ikkje at ein ikkje skal forsøke!

Notion-basert internett

Difor forsøkte eg meg på å vere sånn fullstendig internett DIY-er, og ha flatfilssystem på eigen server i heimen, så innsåg eg at «mitt private internett» aldri ville vere så desentralisert og anarkistisk. Så forsøkte eg meg på ulike variantar med Obsidian og Netlify og Github, men eg fekk aldri heilt det estetiske eg var på jakt etter, eller at den var så effektiv som eg ville.

Denne sida er dermed det tredje forsøket på å hage meg digitalt. Notat-tenesta Notion, publisert på internett med Super gir meg nok kontroll, men samtidig også nok automatisering og fleksibilitet, til at eg sålangt er nøgd.

Brutalistisk vevbunad

Eg likar David Copeland sine prinsipp om brutalist web design, som har eit par enkle reglar.

  • Innhald skal vere leseleg på alle fornuftige skjermar og einingar
  • Berre hyperlenker og knappar skal reagere på klikk
  • Hyperlenker er understreka og knappar ser ut som knappar
  • “Tilbake”-knappen fungerar som forventa
  • Sjå på innhald gjennom scrolling
  • Dekorasjon der det trengst og ikkje noko urelatert innhald
  • Yting er ein funksjon

Dette bunnar ut i ei motrørsle mot store og tunge nettsider, som både er unødvendig tungt for enkeltmaskiner, samt brukar meir energi enn kva som trengst.

Brutalismen er mest kjend frå arkitektur ute i kjøtrommet, der rå betong og funksjonalisme er tydeleg. Nabobygget til jobben min – Realfagsbygget, Bergens brutalistiske skatt – er bygd for at ein skal kunne lede ein levande hest til einkvar del av bygget. Det er eit prinsipp eg tenkjer på innimellom.

Ei av grunnprinsippa i bacheloroppgåva mi var «den semantiske veven», at grunnelementa i eikvar nettside – HTML-taggane – skulle brukast der det gir meining både for menneske og maskiner. Brutalistisk vevbunad passar godt til dette – sjølv om eg tidvis brukar meir dekorasjon enn eg må ha.

Det at eg brukar Notion og ikkje råkoder nettsida mi sjølv, fører til at eg ikkje alltid følgjer opp desse prinsippa så godt som eg kunne ha gjort. Det er fleire identitetslause <div>-taggar her, som eg meiner burde ha vore <article> eller <aside> og liknande. Den er ganske lett å laste, men den går gjennom fleire ulike tenester på vegen.

Nokre andre av mine digitale hagar

  • Mperiet – min wiki for eit søkbart digitalarkiv over Mads Eriksen sine teikneseriestriper
  • Då stjernene falt – den Notion-baserte wikien for rollespelverda Aden, som eg speler D&D i med vener

Andre sine digitale hagar

Relatert

🍃
Heim · Tekst og meiningar er mine eigne · DFTBA: Ikkje gløym å vere framifrå · Andreas H. Opsvik: @tanketom@tutoteket.no