👨‍💻

Truleg den enklaste måten å lage sin eigen Mastodon-instans

Knagg
InternettMastodon

(Her skal det leggast til meir spesifikk informasjon og bileter etter kvart, spesifikt i del 3)

Eg og Arne kom i prat.

Av gamalt har vi blant anna drive Minecraft-serverar ilag, på den tida ein hadde tid til å drive med slikt (no ventar vi båe berre på at ungane våre skal bli store nok til å spele det, så vi kan kalle hobbyar “kvalitetstid” igjen), så steget til ein Mastodon-instans var ikkje veldig langt.

Å byggje opp ein Mastodon-instans frå botnen av på ein heimeserver er for masochistar. Det er heilt greit å drive med, om du har samtykke frå alle involverte partar – men det er ikkje ein hobby, det er ein livsstil.

Difor finst det sjølvsagt dedikerte tenester for dette. I denne oversikta skriv me om Masto.host, men Mastodon sjølv lister opp eit par alternativ (under “dedicated Mastodon hosting providers”).

  1. Ha eit domene. Vi kjøpte tutoteket.no, men alle moglege variantar fungerar. Domeneshop, PRO ISP, subsys, det finst mange tilbydarar, og du kan kjøpe det du vil ha. Prisen vil variere frå nokre titals kroner i året, til tusenvis, basert på kor fancy du er – og nokre domener har også krav. Om du ikkje gidder denne utgifta, finst det andre løysingar (sjå 2b).
  2. Gå til td. https://masto.host/pricing/ og følg stega.
    1. For augneblinken er vi rundt fire-fem aktive brukarar, så den minste løysinga fungerar for oss – dess større pakke du kjøper, dess billegare vil det også vere per person.
    2. Om du ikkje gidd kjøpe eit eiget domene, kan du få eit underdomene hos masto.host (til dømes “snabelfant.masto.host” eller kva enn du måtte ynskje.
  3. I stega må du kople domenet opp mot ei ekstern teneste. Dei fleste domenetilbydarar har fine bruksanvisningar for dette, og i tillegg har masto.host ei god support-teneste om du treng det.
  4. Begynn å tute!