🎞️

Éin favorittfilm frå kvart år frå 2022 og bakover

Dette memet dukka opp på Twitter, så eg klarte ikkje å late vere:

image

Nyleg

image

2022: «Verdens verste menneske» – filmen som viser at panneluggen kvinner får i 30-åra kanskje var i dei heile tida. Uangripeleg? Nei. Men Trier og Vogt er knallgode på ironisk lagnad, og når dei får boltre seg i baklomma si i Oslo så inderleg som dette landar dei stødig.

image

2021: «The Green Knight» – det er ein film som er så komfortabel i sitt eiget skinn at den gir faen i at den kanskje ikkje er akkurat det du trudde du skulle få når du satte på ein «film om riddarar i middelalder-England». Berre sjå den.

image

2020: «Wolfwalkers» – Det er dette som er kunst.

10-talet

image

2019: Går det an å seie noko anna enn «Parasitt»? Ja, eg forsøker meg på «The Favourite». Lanthimos i storform, og Olivia Colman opphøgd til høgareståande vesen.

image

2018: «Death of Stalin» – alle dyr er like, men nokre dyr er likare enn andre, og ingen stad er det tydelegare enn her, vist gjennom eit imperium som mister eit overhovud og latar som det har snubla i ein fortauskant.

image

2017: «Thelma» – gav meg gangsperre, fordi eg var så fysisk spent. Eg gløymde derimot å bite neglar.

image

2016: «Min pappa, Toni Erdmann» – jovisst har tyskarar humor.

image

2015: «Mad Max Fury Road» – bit min skinande gullnase, Twitter. Filmen tek eventyret i sin essens – dit og tilbake – og gjer så mykje gøyalt visuelt med sitt flyktige kamera og sjuke univers at eg ikkje kan late vere å elske den.

image

2014: «Birdman» – her juksar eg kanskje litt, men nokre fordeler må ein ha i spennet mellom «urpremiere» og «norsk premiere». Birdman er ei festreise med ein Keaton som katalysator for alle rundt seg, og ein av mine favorittar blant «film som eigentleg handlar om å lage film».

image

2013: «Frances Ha» – den ultimate i-landsfilmen, om kva som skjer når Frances mister veninna og ankeret i livet sitt – ikkje fordi ho døyr, men fordi veninna berre MÅ ta sjansen og flytte til ei kulare adresse i New York.

image

2012: «The Act of Killing» – nådde dokumentaren sitt fulle potensial i 2012 med denne filmen? Eg meiner… gjorde den ikkje det?

image

2011: «Rango» – haha, Andreas, sjuk ting å seie, at ein animert pastisj på «Chinatown», inkludert bla. deilege «Star Wars»-referansar, med ein Hunter S. Thompsonsk kameleon i hovudrolla er favoritten din i… er du… er du seriøs? Ja.

image

2010: «Dogtooth» – her kunne eg ha teke «Trolljegeren», men kven hadde blitt overraska over det? Eller «Inception», eller «Alle andre» eller… Nei, lat oss gå for ein gresk film om to foreldre med… rar omsorg for borna sine.

00-talet

image

2009: «Fish Tank» – eit blikk inn klasseskiljet i Storbritannia, som Andrea Arnold tok med seg til USA og «American Honey» 7 år seinare.

🍿
Intermission-refleksjon: Filmane eg likte best då er ikkje alltid filmane eg likar best i etterkant. Gjer eg dette eit anna år er nok filmane annleis. Eg likte jo Frances Ha då eg såg den, men den hang ved lengre enn eg trudde.
image

2008: «Wall·E» – and they call it puppy love. Ein av mine favorittar blant romantiske komediar.

image

2007: «The King Of Kong: A Fistful of Quarters» – du trur kanskje dette skal vere ein dokumentar om arkadespel, og så er det ein av dei mest medrivande «herregud, sjekk IMDB, er du sikker på at det ikkje er ein mockumentary»-historiene fanga på film.

image

2006: «Pan's Labyrint» – denne såg eg første gong på ein laptopskjerm på bussen mellom Sogndal og Bergen. Eg har seinare gitt den bivåningsmiljøet den fortener.

image

2005: «Kiss Kiss Bang Bang» – Robert Downey Jr. og Val Kilmer i buddy detective-film, skriven og regissert av rappkjeftkongen Shane Black.

image

2004: «Shaun of the Dead» – Eg kunne truleg ha lagt Edgar Wright-filmar i denne lista på 2004, 2007, 2010 og nesten også 2021, men det var denne som starta det for min del – ein herleg zombiekomedie med både hjarte og (BRAAAAINS!) hjerne og filmkunneleg fingerspitzgefühl.

image

2003: «Good Bye Lenin» – gjenskaping av fortid ein eigentleg helst såg var forbi (iallfall teoretisk) er jo ein ostalgisk klassikar, og denne filmen gjer det både morosamt og sårt i møte med den vestlege veggen.

image

2002: «Ten» – Kiarostami er eit av mine for få innblikk i iransk og midtaustensk fiksjonsfilm. Ti historier frå synsvinkelen til vår eigentlege allvitande yrkesgruppe, taxisjåførane.

image

2001: «Zoolander» – veit du kva? Eg forsøkte. Eg forsøkte å google meg fram til filmar det ville kjennest meir logisk å legge her enn denne reinspikka tøysefilmen. Men nei. Denne siterbare idiotklassikaren, bygd over figurar frå pauseunderhaldninga i ei prisutdeling, er IT.

image

2000: «High Fidelity» – viser at adapsjoner kan fungere nydeleg sjølv om dei flytter heile premisset frå boka geografisk. Eit ode til lista (nesten litt meta å ha den med), med nok mellommenneskeleg kjemi til å fylle ein returstasjon for farleg avfall. Topp 3 romantisk komedie.

🍿
Intermission-refleksjon før eg tek kvelden: Eg er ikkje overraska over anglofon og mannleg overvekt her, slik er det berre (både for meg og mesteparten av filmpublikummet). Det kjem nok fleire, skal du sjå – etter kvart som vi går tilbake i… FØRRE ÅRTUSEN.

90-talet

image

1999: «Iron Giant» – I am not a gun. 1999 er kanskje det verste året å velgje i, fordi her kom det altfor mykje bra. Denne animerte skatten (frå Brad Bird pre-Pixar), om å endre eins lagnad og late hjartet styre, tok til slutt sigeren over «Matrix».

image

1998: «Dark City» – Apropos «Matrix»: etter «The Crow» kokte Proyas ihop dette dystre meisterverket, ein slags for tidleg fødd tvilling til Wachowski-suksessen året etter, som «Dark City» deler mange parallellar med. Alternativ: «A simple plan» (den beste Raimi-filmen?).

image

1997: «The Fifth Element» – denne har alt eg vil ha i ein film: fargefull sci-fi-verden, store pyramider, umenneskeleg operasong, profetiar, kostymer av Jean Paul Gaultier, generelle franske vibber, Bruce Willis med hår. Truleg ein av mine absolutte favorittfilmar nokosinne.

image

1996: «Fargo» – om vi i dag (kanskje?) såvidt er ute av Coen-brørnes stordomstid, så var 90-talet gullalderen. Vi bada i deira mjølk og honning, småverder og situasjonar så morosame og rike at vi kunne ha levd utan filmar sidan. Denne er min favoritt blant dei (trur eg).

image

1995: «Hatet» – her kommer tøffetøffetøffetøff! Filmen som har eineansvar for at eg ser kjempekul ut når eg står framfor ein spegel.

image

1994: «Clerks» – framleis den beste Kevin Smith-filmen. Eit Generasjon X-opus, foran og bak kamera, om å ha det så komfortabelt at ein ikkje vil vidare her i livet – og spørsmålet om det er greit eller ikkje. I 2022 kjem «Clerks 3», kjem Smith seg nokosinne vidare frå denne?

image

1993: «Jurassic Park» – punktum.

image

1992: «Dracula» – på eit eller anna tidspunkt fann eg ut at Dracula er figuren som har vore med i flest filmar, fulgt av Sherlock og Julenissen. Det finst mange andre gode også, men Gary Oldmans kameleon og skuggemakar er ein av dei beste, og han løfter resten av filmen.

image

1991: «Delicatessen» – morbid, mørk, og morosam, Jean-Pierre Jeunet let figurane sine bite over meir enn dei kan svelgje, og resultatet er ei åtvaring om å kjøpe for billeg kjøt.

image

1990: «Misery» – samspelet mellom Bates og Caan her er drivande godt (sjølv om det gjer vondt), og filmen var tidleg ute med å seie noko om giftig fandom. Tenk kva denne historia hadde vore i internettalderen? (Ja, det var freistande å skrive «Troll 2».)

🍿
Intermission-refleksjon for kvelden: Det er ei interessant liste å lage (for egoet), nettopp fordi eg så ofte må velgje vekk noko istf. å berre lage «denne og denne og denne»-lister. Ellers skal eg i skrivande stund tilbake til 1953. Eg frykter all tid eldre enn «Syv samuraier».

80-talet

image

1989: «When Harry Met Sally» – eit meisterverk i dialog, ramma inn av ein fantastisk Meg Ryan og Billy Crystal med Nora Ephron som manusforfattar (og bla. Carrie Fisher som manusdoktor). Jaja, fakeorgasmescena, whatever – det er så mange scener i denne filmen som er nydelege.

image

1988: «Cinema Paradiso» – denne filmen såg eg første gong i filmkunnskapstimane på vidaregåande, og eg har vore forelska sidan. Ein hyllest til handtverket bak celluloidmediet, og ei ode til kinoens leirbåleffekt.

image

1987: «Withnail & I» – Shakespeare i Thatchers tid, ein tragedie med gode vitsar. Denne reisa gjennom det anarkistiske Storbritannia – ein slags midthaustnatts feberdraum – har ingen vinnarar, og takk for det.

image

1986: «Aliens» – tenk å klare å følgje opp «Alien» og leve opp til den! Tenk det!

image

1985: «Mitt liv som hund» – dette er truleg kona mi sin favorittfilm. Våre popkulturkompass var ganske motsette då vi møttest, noko som har berika meg i stort monn (og kanskje ho, sjølv om ho hovudsakleg har fått Star Wars og sci-fi av meg). Er dette ein film med berre biroller?

image

1984: «Nausicaä of the Valley of the Wind» – denne filmen handlar om klima og miljø (i likskap med fleire Miyazaki-filmar), og å sjå den innimellom gjer meg til eit betre menneske. Ghibli pre-Ghibli, og ein av animatørane, Hideaki Anno, laga seinare Neon Genesis Evangelion.

image

1983: «Videodrome» – ikkje Star Wars? Er du frisk, Andreas? Går det bra? Ja. Hovudrolleinnehavaren har kanskje blitt fascist sidan sist, men det passar eigentleg filmens univers bra.

image

1982: «Blade Runner» – kva er eigentleg eit menneske? No har eg sett fire av dei sju(?) ulike versjonane av denne filmen, og eg er framleis ikkje sikker – men vakkert er det, herregud så vakkert.

image

1981: «Das Boot» – kor klaustrofobisk kan du kreere eit kammerspel? Kva betre måte å vise éi side av konflikta enn å hovudsakleg halde deg i ein svett og hermetisk lukka boks med dine kameratar?

image

1980: «Star Wars: Empire Strikes Back» – innehavar av verdas mest kjende spoiler, og kanskje verdas mest feilsiterte filmsitat. Ein film om ein radikalisert, ung terrorist som innser at alle farsfigurane hans nokosinne har loge for han – inkludert hans faktiske far.

🍿
Intermission-refleksjon for kvelden: 1. Når eg må setje filmar eg er glad i oppimot kvarandre, så endar gjerne dei siterbare opp som vinnaren. 2. Eg trur teikneseria M har vore meir innflytelsesrik på kva filmar eg valgte å sjå i ungdommen enn det eg har tenkt over før.

70-talet

image

1979: «Monty Python and the Life of Brian» – korleis setje lys på korleis Jesu ord har blitt misbrukt av dei som har tolka han? Med ein tullete, tullete film om ein frekk, frekk gut, sjølvsagt.

image

1978: «Dawn of the Dead» – og apropos satire: Romero fylte eit kjøpesenter med zombiar, og lot det vere åstad for dei hjernelauses framtog og motivasjonar. Og så har filmen masse raudt blod, og tøffe heltar, sjølvsagt.

image

1977: «Close Encounters of the Third Kind» – ja, framfor «Star Wars» og det er heilt greit – det er noko her med kommunikasjonen mellom menneske og romvesen og korleis den viser menneskets møte med det ukjende som passar meg. Språk er ei gåte, og denne filmen viser det ypparleg.

image

1976: «Olsenbanden for full musikk» – kanskje den beste OB-filmen? Iallfall eit av dei beste rana (med scener henta rett frå filmens danske opphav). Ei hemnhistorie – som plasserar litt meir "mottivasjon" hos Egon enn ein del av dei andre filmane. (GIF frå dansk original)

image

1975: «Flåklypa Grand Prix» – eg er inne i ein liten norsk sjarmøretappe her, skjøner eg. Det er nesten litt synd at denne kom i 1975, for det er sjukt mykje bra som kom det året – Forman, Pasolini, Lumet, Spielberg, Varda, osv – men denne tek sigeren kvar gong.

image

1974: «Female Trouble» – Dette er «Pink Flamingo» si litt rolegare veslesyster. John Waters – the pervert – laga denne filmen, det var han som lærte meg at ein aldri skal ha sex med folk som ikkje eiger bøker.

image

1973: «Holy Mountain» – visste du at spørsmålet «kva om DM-en din tok syre og spelte D&D?» blei besvart allereie i 1973?

image

1972: «Gudfaren» – viser at nokre filmar både kan vere oppskrytt OG framleis veldig, veldig gode.

image

1971: «The French Connection» – av og til følest det som at denne filmen er dokumentaren som blei til då ein fyr fulgte skodespelarane rundt i New York medan dei spelte ut scenene dei skulle spele inn i ein komande film. Og så har Gene Hackman ein kul hatt.

image

1970: «Gimme Shelter» – glimrande tidsbilete av rock'n'roll som eter sin eigen hale.

🍿
Intermission-refleksjon for kvelden: 70-talet er det verste hittil, ikkje fordi det ikkje er gode filmar her, men fordi EG i mindre grad har sterke kjensler for dei enn på tiåra hittil. 60-talet trur eg faktisk står sterkare for meg, slik sett.

60-talet

image

1969: «Easy Rider» – epokegjerande. Mitt første møte med denne filmen var plakaten farmor hadde hengande i kjellaren, som ho hadde teke vare på frå pappa eller onkels soverom (fødd hhv. 1958 og 1957). Å lisensiere musikken kosta tre-fire gongar så mykje som filmproduksjonen.

image

1968: «2001: A Space Odyssey» – denne såg eg første gong på ein klasseroms-TV på Fosshaugane Stadion. Avslutninga gjorde ikkje like mykje inntrykk då, som då eg såg den igjen på kino nokre år seinare, men den viste meg truleg at film ikkje trengde å forklare alt i klartekst.

image

1967: «Manndomsprøven» – resonnerar framleis for alle som ser eit mål i det fjerne, og som sjølv når dei når det målet innser at det berre betyr at ein må finne neste mål og kome seg dit. Livet er fjorten samtidige orienteringsløp.

image

1966: «Persona» – herregud, ANDLET. ANDLET heile tida. La ANDLET snakke meir! Svenskane, altså, dei kan film – sjølv om dei må bruke eitt og anna norsk ANDLET. Typisk sånn filmvitarfilm, deileg.

image

1965: «Sound of Music» – [Melodi: My favourite things] songar om kjærleik mot dystre baktepper. Nyd'lege landskap og fedre som depper. Åh, musikalen er frykteleg god! Kapteinen han river nazistflagg i to!

image

1964: «Dr. Strangelove» – til å vere så bisarr er den diverre veldig realistisk.

image

1963: «Cleo fra 5 til 7» – Agnes Varda har vore frykteleg aktiv omtrent fram til sin død for nokre år sidan, og ho kunne ha peika innom nokre av åra seinare også, men dette trur eg er min favoritt blant dei eg har sett. Dokumentarane «Varda par Agnès» er òg verd ein kikk.

image

1962: «Lawrence of Arabia» – ein av mine absolutte favorittfilmar. David Lean leiker med formspråk og landskap, både mentale og fysiske, og dannar ei rik historie frå grunnsteinane i T.E. Lawrence sitt liv, og har inspirert uttallege filmskaparar sidan. Peter O'Toole <3

image

1961: «101 dalmatinere» – ein nydeleg animasjonsfilm, herleg handteikna med spor etter menneske i verda rundt hundane, og med ein ikonisk skurk som knappast har sidestykke i Disney-universet.

image

1960: «Til siste åndedrag» – haha, de trudde kanskje eg hadde gløymd Godard? Åneidu, eg berre spara han ei stund til dette herleg kule radarparet. Akk, å kunne stryke seg over leppene like nonchalant som Belmondo, eller kle striper så godt som Seberg. Ingen gjer røyking så sexy.

🍿
Intermission-refleksjon: I skrivande stund skal eg finne favorittfilmar tilbake til 1881, såeeeh…

Eg kan ellers åtvare om at dei komande tiåra er prega av mi Hitchcock-samling, mi Buster Keaton-samling, og uttalege timar med Tom & Jerry.