Prosjekt «Hooke opp deileg Radionette-antikvitet til ein Chromecast Audio» vart igangsatt mai 2020.
Antikviteten min er ein ganske velfungerande klassisk Radionette Symfoni 3D. Den er diverre litt lite brukt, spesielt etter FM-bandet blei mindre brukt. Men, som alle gode avspelarar har den moglegheit for oppkopling til… platespelar?
Den no utgåtte Chromecast Audio er praktisk sidan den kan motta kva som helst lydsignal og putte ut høgst gamaldags lyd gjennom ein minijack.
Dette er mi ufaglærte (men elektroingeniørgodkjende) planteikning for kva som skal skje.
Bananpluggane er frå FM/AM-antenna (som eg har bestemt meg for at eg ikkje treng lengre, velkomen til 2020!), så dei blir – med litt enkel lodding – til output frå lydmottakaren.
Loddebolten er framme – I’m going in!
Fun fact: Denne radioen kosta 790 kroner rundt 1951. KPI-justert til 2019-kroner tilsvarar det litt over 14 000.
Bilete av Frankeinstein-kabelen i bruk. Dette er gjort med ei ibuande interesse for straum, litt munnleg hjelp frå ein ingeniør, og røynsla frå eit loddekurs på Bergen Offentlege Bibliotek.