🕹️

Som å hoppe etter Mario

Tags
Spel
image

Dette vart skrive om spel-Youtuberar i VG i dag:

Så la meg heller innta en mer spørrende tone: Hva er det med dette fenomenet som fenger slikt? Å se på at andre spille dataspill? I time etter time? Det er jo absurd, er det ikke? Det kan jo umulig bli mer passivt? Glane på andre som gjør det du selv burde gjøre? Kan noen forklare?

Så, here goes nothing – dette er eit svar som vart skrive nesten eit halvår før spørsmåla til Hans Petter Sjøli kom:

Eg er litt under gjennomsnittet god til å spele basketball. Eg vaks opp med å spele basketball nokre gonger i veka sidan eg var 3–4 år, og det vaks raskt til å bli ein hobby som raskt kunne bli oppslukande frå 7-årsalderen av.

Med tida vaks interessa frå å utelukkande spele, til å sjå minst like mykje meir på historia og reglane i spelet, for ikkje å snakke om diskusjonane rundt korleis bransjen fungerar — for det er absolutt ein bransje, med kjendisar, store pengesummar som flyttar seg, investorar som må tilfredsstillast, og milliardar berre i merchandisingeffekter til fans over heile verda.

Til trass for at veldig mange sjølv speler basketball ligg det også mykje i tradisjonar rundt det å følgje dei profesjonelle. Alle har sine heltar, anten det er dei store som tener millionar av kroner i året, lokale geni som speler på lag med samfunnet, eller rett og slett mikrokjendisar som legg ut triksvideoar på Youtube.

Eit fåtal på verdssamanheng tener mest pengar på reine lønsavtaler, nokre hentar inn ekstra kronasjer ved å gjere ulike reklameavtalar, men dei fleste gjer hobbyen attmed jobb eller skule. Finalar i store meisterskap samlar millionar av menneske rundtom i verda framfor skjermen.

Dei foregåande fire avsnitta er ikkje særleg kontroversielle. Likevel er det framleis nokre få som sperrar augo opp når eg bytter ut «basketball» med «videospel» i denne samanhengen. Klart, eg reknar ikkje med at ein lesar av ein antologi om digital kvardag nødvendigvis er blant desse, men kanskje eg kan hjelpe med nokre forklaringsmodellar likevel.

Eg har lenge sagt at sportsfans og spelfans har meir til felles enn dei likar å innrømme. For kva er vel å gå rundt i sin favorittspelar si drakt, anna enn ein form for cosplay (spesielt om du gjer det medan du gjer den same aktiviteten som helten din)?

Kva er så rart med å følgje meisterskapet i League of Legends eller Pokémon når me sit og ser på fotball og ski med akkurat det same målet — å sjå det beste av sporten, lære meir om spelets reglar, og plukke opp noko ein kan diskutere med sidemannen i tida som følgjer. Kva er vel den evige konkurransa mellom Messi og Ronaldo anna enn ein anna variant av kampen mellom Donkey Kong-meistarane Billy Mitchell og Steve Wiebe (foreviga i den fantastiske dokumentaren The King of Kong)?

Det finst folk som er såvidt borti begge verdene kvar einaste dag. Nokre ser ikkje på fotball anna enn når det tilfeldigvis dukkar opp på Dagsrevyen før dei har rukke å skifte kanal vekk frå sporten, andre er ikkje djupare i spelverda enn at dei kanskje kan skilje Mario frå Pikachu.

Nokre sparkar motvillig ball om det tilfeldigvis er ein ball i nærleiken, andre held seg til Kabal på jobbmaskina.

Begge verdene slit med sine problem. Hooligans og grognards som meiner dei kan styre samtalen om hobbyen vekk frå nyskaping for å bevare det dei alltid har hatt — ein stad å vere seg sjølv, tidvis ved å nekte andre tilgang. «Åja, om du er så fan, så veit du kanskje kven som kom på tredjeplass i den første Dreamhack-turneringa/tredjeplass i det første fotball-VM-et?»

Og sjølv om videospel ikkje heilt har ein religiøs eller historisk parallell til skilnaden mellom katolske fans av Glasgow Celtics og protestantiske fans av Glasgow Rangers, er det framleis i menneskets natur å finne ting å krangle om — noko som viser seg sterkt i dei motstridande kreftene mellom ulike spelmaskiner. Eg veit av folk som blir like sinte når nokon seier at Xbox er best, som nokre fotballfans blir når andre meiner at Manchester United er best.

Nokre føretrekk å sjå på, andre likar helst å bedrive det sjølv. Nokre går så djupt inn i historia at dei kan ramse opp alle speleksperimenta til Minecraft-skapar Markus Persson, andre har stålkontroll på alle klubbane Lebron James har vore innom. Nokre lærer seg alt om EVE:Online ved å analysere statistikken til dei beste i verda for å finne dei mest effektive arbeidsmetodane, og nokre bryr seg meir om diamantformasjonar med sterk indreløpar enn du nokosinne har brydd deg om noko her i verda.

Menneske likar å vere opptekne av aktivitetar — og spelfans taper berre på å eksotifisere hobbyen for andre rundt seg. Dei fleste har til og med ein fot i båe univers, utan at det er eit problem i det heile teke.

Bestemora mi har sikkert brukt like mykje tid på å sjå karismatiske menneske lage mat eller gå på ski på TV, som eg har brukt på å sjå karismatiske menneske snakke om Minecraft-maskiner eller spelt Cities: Skylines. Eg har nok spelt like mykje basketball som nokre garva sportsjournalistar har spelt Bejeweled. Det finst nesten like mange dumme ting med Angry Birds-motiv som det finst dumme ting med Manchester United-motiv, og minst like mange foreldre har gremma seg over at dei har brukt pengar på ein av dei.

For når alt kjem til alt — skilnaden på Panini-kort og Pokémon-kort er, for dei aller fleste, forsvinnande liten. Men gleda folk har over å samle på dei, er stort sett nøyaktig den same.

PS: Men det er heilt greit å be ungane om å rydde og gjere lekser først, altså. Forresten, når det gjeld at Youtube-spelarar skrik så veldig: Lat meg berre minne alle på kva eit av dei absolutt beste klippa frå fotball-EM i sumar var:

Prebz & Dennis har vel omtrent aldri vore så oppildna!