⚠️

Trangen til å merke alt med spoiler warnings er teit

Tags
FilmTV-serie
image

Den moderne spoilerfrykta er det mest hypokonderiske internettet nokosinne har tilført popkulturen.

Eg bryr meg genuint ikkje om eg leser ein spoiler for eit eller anna underhaldningsprodukt eg ikkje har lest. Ein film kan framleis vere god sjølv om du veit kva som skjer i den — og den blir iallfall ikkje betre av at du ikkje veit kva som skjer.

Ein god plott-tvist er framleis rystande sjølv om du veit at det kjem, fordi det påverkar alle figurane i filmen, det påverkar universet som heilskap, og det har ringverknadar langt utover korvidt DU veit om det eller ikkje.

Om ein film/serie/bok/forteljing sin verdi kun beror på om du veit eit plottpoeng eller ikkje på førehand, så er det i beste fall eit dårleg handtverk.

Om noko så blir historia mogelegens betre, fordi du kan sjå korleis historieforteljinga byggjer det opp. Ingenting blir øydelagd. Eg plar respektere andre sin spoilerfobi til ei viss grad, men det er mest fordi eg er så frykteleg, frykteleg høfleg.

Hovudpoenget mitt er vel at eg ikkje skjønar korleis ein ikkje kan leve seg inn i noko, sjølv om ein veit kva som hender.

Eg har sett «Empire Strikes Back» kanskje 100 gongar — avsløringa om at Darth Vader er Luke Skywalker far er framleis krutsterk.

NO, I AM YOUR FATHER!

Ikkje fordi det er ein plott-tvist i seg sjølv, men fordi me ser korleis Luke reagerar på innsikten i at alle farsfigurerstatningane hans nokosinne har loge for han — Owen, Ben, Yoda — igjen og igjen og igjen. Det er den metaforiske avgrunnen som opnar seg under han, og den faktisk avgrunnen han slepper seg ned i, som er poenget.

Det er snart 36 år sidan den filmen kom. Avdukinga har absolutt gått inn i vår felles popkulturelle forståing. Eg seier «No, I am your father» (eller pop-bastardiseringa «Luke, I’m your father») kanskje 3 gonger i månaden. Eg kjem ikkje til å slutte med det. Den filmen vert ikkje dårleg fordi du veit dette.

Og det artigaste? Vitskapen støttar meg.

Ei undersøkjing gjort publisert i 2011 ved University of California, San Diego (og fagfellevurdert i det rennomerte tidsskriftet Psychology Science), visar at å få noko spoila ikkje gjer særleg for opplevinga av ei historie.

I studiet gjort på universitetsstudentar — som las ulike ulike typer historier og fekk slutten spoila eller ikkje — konkluderte dei med at folk eigentleg ikkje lot det påverke seg noko særleg — og stort sett likte historia litt betre når folk visste om slutten.

Subjects read stories as-is and with introductory paragraphs that gave away the endings, or spoilers. In almost all cases, they preferred the «spoiled» stories.

– Plott er berre ei orsaking for det som er skrive. Kva plottet er, er (nesten) irrelevant. Gleda kjem frå det som er skrive, skriv UCSD-professor i sosialpsykologi, Nicholas Christenfeld i samandraget av studiet.

– Monet sine bileter handler ikkje om liljer.

Dog, eit interessant poeng tok dei likevel med seg frå studiet:

Spoilers var berre til det betre når dei var gitt i forvegen, utanfor konteksten av sjølve innhaldet. Når forskarane la ein spoiler direkte inn i historia, gjorde det til at opplevinga vart verre.

Med andre ord, ikkje reis deg i kinosalen under ei visning av «Empire Strikes Back» og rop at Darth Vader er faren til Luke.

Det er eg forsåvidt heilt samd i, og misforstå meg rett: Om du står ved bok-køa til «Harry Potter and the Half-Blood Prince» og roper den store spoileren til alle som høyrer på er du mest sannsynleg ein kødd — men boka vert verken betre eller verre av det.

Studiet kan kanskje ikkje trekkast ut til å vere gjeldande for absolutt alle — men tendensen er ein eg er samd i. Det er eigentleg ikkje så farleg å vite kva som skjer.

Eg trur det er internettkulturen og sinnet til dei få som verkeleg ynskjer å unngå absolutt alt av spoilers som er grobotnen for det generelle hatet mot spoiler warnings.

Desse få reagerar så sterkt at nettpublikasjonar så velgjer å merke spoiler alerts med

⚠️
SPOILER WARNING

for å unngå sinte mailar i innboksen. Store åtvaringar gjer igjen til at anna publikum oppfattar at det er slik ein skal reagere på spoilers — med aversjon og ved å springe andre vegen. Det er noko tillært ved denne handlinga.

Parallellen til kor lett internett generelt har gjort prosessen «å bli krenka» er ein eg ikkje kjem til å kommentere særleg meir enn dette:

Igjen, eg er høfleg og forsøker å unngå å spoile folk — men ofte vurderar eg om eg berre skal blåse i det.

Inntil vidare føler meg framleis som han som kjøper inn spesialbrød til frukosten heime i tilfelle nokon sjølvdiagnostiserar seg med glutenintoleranse.

🍃
Heim · Tekst og meiningar er mine eigne · DFTBA: Ikkje gløym å vere framifrå · Andreas H. Opsvik: @tanketom@tutoteket.no