Uneleg og skygt
🌿

Uneleg og skygt

Det er so uneleg og skygt i hagen, - nesten yverbygt av gullregn og kastanje. Her sit me dagar lenge, her kan me kvila trygt. –
🍎
Olav H. Hauge

Velkomen til Andreas Hadsel Opsvik sin offisielle digitalhage.

Gjennom faretrugande nære to tiår har eg skrive på internett, og eg har hatt frykteleg mange iterasjonar av skriblerier. Dette er den nyaste.

I staden for ein nettstad som blir oppdatert tre gongar i året, er dette ein slags open wiki som eg beskjærer innimellom – inspirert av «learning in public»-digitalhagar.

Denne sida er ein blanding av kaninhol og småartiklar eg skriver om interessefelta mine, og lenker til andre stader.

Målet mitt til slutt er at det alltid skal vere ei ny lenke i botnen av ein tekst som fører deg vidare til noko anna.

Her er eit par fine stader å byrje – eg pleier å flytte eit temapunkt til toppen av lista når eg gjer ei oppdatering:

🚯
Samfunn og politikk
🗣️
Språk og nynorsk
📠
Teknologi og sånt
🕸️
Forefallande internett
📘
Skaping – produksjon av dings og internett og video og anna

Eg har likevel flytta over ein del av innhaldet frå tidlegare bloggar, sidan nokre av dei er eviggrøne og fleirårige – slik ein del gode planter er!

♻️
Blogg, frå den tidlegare Medium-instansen tanketom.no

💭
Alt frå bloggen tanketom.no
💡
Artiklar eg likar
NamnURL

Andreas Hadsel Opsvik andre stader på internett

📫 Meg på mail: tanketom@gmail.com – her får du lettast tak i meg

🐘 Meg på Mastodon: @tanketom@tutoteket.no – mitt forsøk på å lausrive meg frå fugleappen sin vald

🌀 Meg på jobb – kommunikatør ved Senter for digitale forteljingar på UiB

🤖 Meg på podcast – Sesongarbeiderne går gjennom sesongar av TV-seriar episode for episode, nylegast Neon Genesis Evangelion.

🍃
Heim · Tekst og meiningar er mine eigne · DFTBA: Ikkje gløym å vere framifrå · Andreas H. Opsvik: @tanketom@tutoteket.no