Olav H. Hauge – Hauge om sentimentalitet

Olav H. Hauge – Hauge om sentimentalitet

Kva?
Intervju

– [Arne] Kittang, han peikar jo på einsemdkjensla som eit hovudmotiv hos deg. Personleg synest eg at ein sterk, mannleg vilje til å greie seg, til å overleve, går att i svært mange dikt.

Ja, ja, ein må jo, ein må jo, veit du. Ein trykkjer hardt ned, så ein prøver å sitje litt imot, i alle fall liten grann.

– Du er fri for sentimentalitet?

Nei, det er ikkje nokon det, men det er somme som innbiller seg det, for sentimentalitet er ikkje på moten. Fordi ein ikkje viser at ein er sentimental, men alle menneske er sentimentale, utan det er ein ikkje menneske. Det gamle var ikkje redd for å vise det. Wergeland var ofte sentimental. For nettopp det at eit menneske var sentimentalt, det var det finaste merket på at det er eit menneske, det.