Det er so uneleg og skygt i hagen, - nesten yverbygt av gullregn og kastanje. Her sit me dagar lenge, her kan me kvila trygt. – Olav H. Hauge
Velkomen til Andreas Hadsel Opsvik sin digitalhage, tanketom.no!
Gjennom faretrugande nære to tiår har eg skrive på internett, og eg har hatt frykteleg mange iterasjonar av skriblerier. Dette er den nyaste.
I staden for ein nettstad som blir oppdatert tre gongar i året, er dette ein slags open wiki som eg beskjærer innimellom – inspirert av «learning in public»-digitalhagar.
Aktuelt: Korleis tanketom.no er bygd
Denne sida er ein blanding av kaninhol og småartiklar eg skriver om interessefelta mine, og lenker til andre stader.
Målet mitt til slutt er at det alltid skal vere ei ny lenke i botnen av ein tekst som fører deg vidare til noko anna.
Her er eit par fine stader å byrje. Lenker som har gul bakgrunn er nyleg oppdatert:
- Språk og nynorsk
- Spel og leik og anna hobby
- Film, bøker og andre opplevingar
- Samfunn og politikk
- Teknologi og sånt
- Forefallande internett
- Digitalhagar
- Klima
- Skaping – produksjon av dings og internett og video og anna
Men, det er ikkje berre nye ting her – eg har også flytta over ein del av innhaldet frå tidlegare bloggar, sidan nokre av dei er eviggrøne og fleirårige – slik ein del gode planter er!
Framheva frå bloggen
Det vi aldri får forklart i «Harry Potter»
Kor mykje er eigentleg ein Galleon verdt? Fire punkt eg har tenkt altfor mykje på.
Folkeopplysning: Korleis forhindre måker å stupe mot deg?
Peik på måka når den kjem mot deg. That’s it.
Som å hoppe etter Mario
Kvifor er det å sjå andre spele dataspel like naturleg som å sjå fotball?
Den lettaste måten å ha ordboka kjapt tilgjengeleg
Eit kjapt og enkelt triks for rask tilgang til ordboka i nettlesaren din.
Andreas Hadsel Opsvik andre stader på internett
📫 Meg på mail: andreas@tanketom.no – her får du lettast tak i meg
🐘 Meg på Mastodon: @tanketom@tutoteket.no – her er eg nesten like morosam som eg var på Twitter
🎩 Pixelfed-prosjekt: @bergenpix@pixelfed.social – her deler eg gamle public domain-bileter frå UiB-bibliotekets Billedsamlingen
🚀 Blindpassasjer på Mastodon: @sekundforsekund@bot.bgo.city – verdas treigaste filmvisning, eitt sekund frå NRK-scifien Blindpassasjer kvar time.
📜 Håvamål på Mastodon: @havamal@bot.bgo.city – ditt daglege Håvamål-dikt
🌀 Meg på jobb – kommunikatør ved Senter for digitale forteljingar på UiB
🤖 Meg på podcast – Sesongarbeiderne går gjennom sesongar av TV-seriar episode for episode, nylegast Neon Genesis Evangelion.
Uneleg og skygt
