Oppdatert for ordbøkene.no i 2021:
I eit tilfelle av nettfrustrasjon såg eg Vebjørn Sture irritere seg over at folk ikkje brukar UiB og Språkrådet sine ordbøker på nett, men i staden ulike uautoriserte variantar, som i beste fall er mangelfulle, og i verste fall er reint og skjært oppspinn.
Difor tenkte eg at eg skulle fortelje korleis eg har veldig kjapp tilgang på ordboka, gjennom eit kjapt og enkelt triks i Chrome (og ei rekkje andre nettlesarar).
Chrome og Microsoft Edge
Høgreklikk på adresselinja di, og klikk deg inn på Rediger søkemotorer:
Under Andre søkemotorer, klikk Legg til:
Før inn desse opplysningane:
Søkemotor: Norsk ordbokSøkeord: ob
Nettadresse med %s for søk: https://ordbokene.no/bm,nn/search?q=%25s&scope=ei%3Fq%3D%25s,eiif&perPage=20
No kan du til dømes slå opp ordet “fjas” i Nynorsk- og Bokmålsordboka på nett ved å skrive «ob fjas». Søkemotor og Søkeord kan sjølvsagt endrast som du sjølv vil, det smarte her er nettadressa.
Takk til Audun som tipsa meg om at dette no fungerar i Microsoft Edge også.
Andre nettlesarar
Firefox
Firefox sin er forlikneleg lik, men du høgreklikkar i staden i søkefeltet på ordbøkene.no.
Her skal også denne nettadressa fungere: https://ordbokene.no/bm,nn/search?q=%25s&scope=ei%3Fq%3D%25s,eiif&perPage=20
Opera
Opera liknar også veldig på måten Firefox løyser dette på, og er omtrent endå enklare.
Safari
Safari har ikkje dette innebygd, men kan skape same funksjon med nettlesarutvidinga Omnikey.
Her skal denne adressa fungere: https://ordbokene.no/bm,nn/search?q={search}&scope=ei%3Fq%3D{search},eif&perPage=20
I app
Eventuelt kan du laste ned Ordbøkene som app.