Klima
🌍

Klima

Dagjobben min er på Bjerknessenteret for klimaforskning, eit faktum eg er ganske stolt av. Det gjer at eg sit litt tettare på vitenskapen enn dei fleste, og gjer mitt beste for å spreie kunnskapen vidare til folk.

Klimaet er, i mine auger, den viktigaste enkeltsaka i samfunnet. Det har eg meint ganske lenge, eg var ein bekymra Natur & Ungdom-kis, som no er ein bekymra Natur & Vaksen.

Dette er stoda oppsummert:

Vi er cirka 1,25 grader over førindustriell global temperatur, og vi er framleis på veg oppover. Vi bør unngå å gå over 2 grader, og eigentleg bør vi unngå å gå over 1,5 grader, og strengt talt ser vi allereie skilnadane temperaturauken gjer på jorda i dag.

Hovudårsaken til temperaturendringane er at vi slepper ut mykje CO2 i atmosfæra.

Konto og bøtte – ein forklaringsmodell

Fordi det er ein såpass tydeleg samanheng mellom CO2 og temperatur, kan vi sjå på situasjonen som at vi har ein konto med CO2. Denne kontoen er det vanskeleg å få inntekter til, medan vi samtidig fører utgifter som ein Luksusfellen-deltakar. Hallgeir Kvadsheim er ikkje nøgd, for å seie det slik.

Denne kontoen heller vi stilsikkert ut i ei bøtte. Når bøtta er full har jorda nådd 1,5 graders oppvarming. Denne animasjonen visar kor raskt vi har fylt bøtta sidan slutten av 1870-åra – og kor mykje raskare det har gått dei siste tiåra.

I 2020 hadde vi 9 % igjen av bøtta, i 2021 har vi berre omlag 8 % igjen av budsjettet før den er full – i underkant av ti år med dagens fart.

Det lovar ikkje godt.

Men vassdampen, da, Andreas – kva med vassdampen!?

På generelt grunnlag meiner eg at norsk lokalavisflora burde ha eit strengare grep om debattredaksjonane sine.

Der mange større aviser i Noreg passar nokolunde på debattsidene sine, slik at dei verste ikkje-vitskaplege lesarbreva ikkje slepper gjennom – har lokalavisene og fleire nisjeaviser i større grad fritt fram, og i stor grad ved at folk sit ein stad i landet og sender til mange, mange aviser.

Den lettaste måten å vise dette på er til dømes ved å søke etter uttrykket «livets gass» i norske aviser – eit klassisk begrep som har sitt opphav i fossil-lobby-støtta

Nyleg vart eg gjort merksam på at Sunnmørsposten har ein aktiv skribent som terpar på at vanndamp står for 98 % av varmeauken på planeten. Det stemmer ikkje (og fyren som pleide å hevde det, har slutta å hevde det, utan at det stoggar klimasurrealistane), NASA og IPCC-forsking viser at vassdamp står for omlag 50 % av varmeauka.

Det viktige er uansett at det er ganske lett å vise at det ikkje er vassdampen som tilfører jorda meir varme. Mengda vassdamp varierar i stor grad i tid og rom – stort sett fell den ned som regn etter nokre dagar – og forskarane finn ingen teikn til at den har auka i forkant av temperaturauken sidan den industrielle revolusjon.

Med CO2 kan vi har derimot vise ein slik samanheng. CO2 har i tillegg ei levetid i atmosfæra på 300-1000 år.

Anna om klima på tanketom.no:

Bok: “Hva er klima?”
Bok: “Hva er klima?”

Gode lenker om klima på norsk

Relatert

🍃
Heim · Tekst og meiningar er mine eigne · DFTBA: Ikkje gløym å vere framifrå · Andreas H. Opsvik: @tanketom@tutoteket.no