Bok: “Hva er klima?”

Bok: “Hva er klima?”

image
  • Ei bok om kva som driver klimaet og kvifor vi ser endringane som vi har sett dei siste århundra.
  • Ein fin måte å vise forskjellen i klima på ulike tidsskalaer.
  • Enkelt og lettoppsummert.

Kva lærte eg?

Sola er ein pådrivar, temperaturen på jorda er ein respons. Den har forseinking, som eksempel ved at det ikkje er varmast på dagen når sola står som høgast på himmelen, men etterpå.

På ein større skala er det heller ikkje alltid varmast i Noreg den 21. juni, sjølv om solenergien er sterkast mot den nordlege halvkule då – fordi responsen er forseinka (slik det er varmast ila. ein soldag på ettermiddagen og ikkje akkurat då sola står høgast), fordi lokale forhold og klimadynamikk påverkar.

Når det til dømes blir mindre snø, fører det også til at meir av varmen blir absorbert av bakken, som igjen fører til at det blir varmare, som fører til at meir snø smeltar. Slike sjølvforsterkande effektar kallar me tilbakekoplingar.

Internasjonale avtalar om mindre sulfatutslepp i atmosfæra trådte i kraft på slutten av 80-talet, og var effektive. Det kan vere at dette har vore ein pådrivar for hoppet i global oppvarming etter 1990, sidan sulfat i stratosfæra verkar som dempande på temperatur – som vist ved Tambora-utbrotet i 1815 (overraskande sjangerkulturelt viktig).

Grunnen til at det er større utskiftingar mellom kald- og varmfrontar på sørleg og nordleg halvkule enn langs ekvator er grunna at corioliseffekten er sterkare der. På midlere breddegrader får ein dei spiralforma rørslemønstera som er så viktige for danninga av frontar.

Golfstrømmen hjelper oss å få varmare klima, men det har også sine ulemper – det varme vatnet er ein pådrivar for kraftig uvær.

Rundt juletider kvart år legg varme havmasser seg utanfor kysten av Peru. Lokalt er fenomenet positivt, og er oppkalla etter Jesus – «El Nino» (gutebarnet), sjølv om vi i Noreg kjenner det best som årsaken til mange stormar. Det motsatte, at vassoverflata raskt blir kald, kallast «La Nina» (jentebornet). Typisk er det pendelvirkningar mellom desse – ein kraftig El Nino går ofte over i La Nina – dette kallast svingningar eller oscillasjon.

Sumatra-utbrotet førte til 10 gradar kaldare temperatur enn vanleg gjennomsnittleg på planeten dei første månadane – og den følgjande vinteren var åtte gradar varmare enn normalt i Skandinavia. NAO gjekk bananas. Klimamodellar visar at det tek omlag eit tiår før klimasystemet er tilbake til normalen.

Spørsmål: Temperaturane i byar er høgare enn omgivnadane rundt – til dømes er det høgare snittauke i temperatur i byar i Arktis enn det er i Arktis generelt. Kor stor temperaturforskjell hadde det vore i ein by dersom alle overflater var kvite eller lyse, som ville føre til ein høgare albedo-effekt?

Spørsmål: Dersom det var mogleg å utløyse eit vulkanutbrot, ville du ha gjort det?

Spørsmål: Kor mykje må havet stige før NAO blir endra?

Gode sitat

Målet vårt med denne boka er å gjøre deg i stand til å gjøre deg opp en kvalifisert mening om klimaendringene.
Alt koker ned til at vi må forstå forskjellen mellom pådriver og respons. Først når dette forholdet er på plass, er vi i bedre stand til å forutsi hva som vil følge av fremtidige endringer i pådrivet, for eksempel det økende CO2-innholdet i atmosfæren.

Korleis fann eg dette?

To av mine kolleger på jobb har skrive den. Den får også ei oppdatering i 2022.

Kven burde lese/sjå/høyre dette?

Det er ikkje ei bok for klimafornektaren, heller ei bok til dei som er ganske overbevist, men vil ha det vesle ekstra steget inn i klimavitskapen – utan å måtte trenge fysikkutrekningar.

🍃
Heim · Tekst og meiningar er mine eigne · DFTBA: Ikkje gløym å vere framifrå · Andreas H. Opsvik: @tanketom@tutoteket.no