🕊️

Folkeopplysning: Korleis forhindre måker å stupe mot deg?

Tags
FolkeopplysningZoologi

Peik på måka når den kjem mot deg. That’s it. Det er ganske enkelt, faktisk!

Dersom du peiker mot den, så oppnår du to ting:

  1. Du ser bittelitt dum ut.
  2. Måker tør ikkje å kome nærare enn to meter, fordi dei mistenkjer at fingeren din er latterleg skarp.
Silbermöwe (Larus argentatus) im Flug (2007). Via Creative Commons: 

Eg har jaga nyutsprungne måkeungar ut av hagen min med kost i mange år, har aldri blitt røyvd av verken måkemor eller måkefar. Mot ein finger er måker all flaks, no kjaks.

For litt ekstra effekt kan du bevege handa mot måka, eller bykse litt. Då vert dyret iallfall skremd. Det viktigaste er å vere sjølvsikker.

(Eg lovar at dette fungerar for meg, men eg fråseier meg alt ansvar for at måker ikkje ser på din finger som like skarp som min)

Lukke til!