🧱

Spel og leik og anna hobby

I heimen min er det mykje lego, og det har det vore lenge før det kom eit barn inn i familia. Eg er ellers ein stor fan av dei fleste typar spel, både digitale og analoge, og både brettspel og rollespel. I tillegg er eg ein hobbysamlar – ikkje at eg har samlingar som hobby, men at eg samlar på ulike hobbyar.

Rollespel og språk

Nett no er det rollespel som tek mest plass her. Denne videoen laga eg for nokre år sidan:

Eg er glad i 🗣️Språk og nynorsk, og synest difor det er verdt å bruke tida på å bygge opp vokabular for å spele rollespel på norsk. Difor er desse tre artiklane under evig påbygging:

🎲Rollespel-ordliste frå engelsk til norsk🧙Rollespel-ordliste for ord om magi🏰Rollespel-ordliste for slott, borger, festningar, fort og holer
📜Kampanjeidear

Eg er også moderator for Facebook-gruppa Rollespill.info, og deltakar i deira rollespelkonkurranse Båtsj. Der har eg blant anna laga rollespel, og diskutert hobbyen i det vide og breie.

Analog hage

I tillegg til denne digitalhagen er eg også med i grøntgruppa i burettslaget mitt om å anlegge ei lita, lun fruktlund – altså ein:

🌳Analog hage
🍃
Heim · Tekst og meiningar er mine eigne · DFTBA: Ikkje gløym å vere framifrå · Andreas H. Opsvik: @tanketom@tutoteket.no