🏰

Rollespel-ordliste for slott, borger, festningar, fort og holer

Dette er eit forsøk på ei liste over gode norske ord til rollespelkampanja di. Det herskar eit slags forståing av at norsk er eit fattig språk, og engelsk er eit rikt eitt. Det er sjølvsagt tull. Her er eit forsøk på å tette kunnskapsgapet vi alle har fått av å lese Lord of the Rings og rollespelbøker på engelsk, medan gode eventyrar- og magikarord har fått gå i gløymeboka.

Denne lista er spesialisert rundt slott og borger, for å samle gode norske ord om konstruksjonar og arkitektur som gjerne er brukt i fantasy-historier.

Under construction (som det heiter på nynorsk)!

Engelsk
Norsk
Forklaring
Arsenal
Arsenal, våpenlager
Ikkje ein fotballklubb, men ein lagerbygning for våpen og ammunisjon.
Arrow slit
Skyteskår, pilskår, glugge, embrassyr
Glugge for piler, kanoner, eller andre våpen.
Bailey, courtyard
Borggård
Ein plass omringa av borgmur
Battlement
Murkrone
Øvste del av ein borgmur. Må ikkje ha krenelering eller skyteskår for å bli kalla -krone, men det er der opphavet til ordet kjem frå.
Barracks
Barakke, brakke, stokk, brakkestokk, kaserne
Bustad for soldatar.
Barbican
Porttårn
Hovudtårnet ved borganlegget, gjerne framfor festningsporten.
Bastion
Tenalje, Bastion
Ei innskytande vinkel i ein festningsmur, det franske ordopphavet betyr knipetang, sidan murane rundt kunne minne om tennene på ei tang.
Bastion fort
Stjernefestning, bastionfort
Ein festningstype der ytre mur er samansatt av tenaljer rundt ei mangekanta form, slik at det frå lufta minner om ei stjerne.
Belfry
Klokketårn, Beffroi, barfrø
Vanlegvis eit tårn med ei klokke i, men kan også brukast om sjølve klokkerommet i kva som helst tårn.
Bridge
Bru
Konstruksjon for å late folk krysse eit vanskeleg farbart område.
Buttress
Strebepilar
Utvendig pilar som støtter opp takkonstruksjonar.
Bulwark
Bolverk
Provisorisk festningsverk
Castellum, fortlet
Kastell
Mindre, frittståande festning eller borg.
Chapel
Kapell, borgkapell
Kyrkje, ofte nær borgtårnet for å framheve viktigheita.
Corps de logis, great hall
Festsal, storhall
Corps de gard
Vakthus
Vakthus med innkvartering.
Crenelation
Krenelering, skyteskår, murkrone
Regelmessige nedsenkingar i ei brystning som ein kan sikte ut frå eller få oversikt utan å vere eksponert for fare.
Curtain wall
Ringmur, kurtinmur, kurtine
Ein mur som strekker seg rundt festninga og beskytter borggården.
Donjon, keep
Borgtårn, kjernetårn
Det sentrale befesta tårnet i ei festning, ofte frittståande.
Drawbridge
Vindebro
Ei bevegeleg bru over ei vollgrav eller elv, som kan dragast opp for å hindre overfart
Dungeon
Fangetårn, fangehull
Rom der du oppbevarar fangar.
Gatehouse, guardhouse
Portbygning
Machicolation
Skyteskår
Nedadvendte skyteskår ein kunne sleppe glødande stein eller kokande bek ned på angripande fiendar.
Moat
Vollgrav
Senka terreng rundt forsvarsverk, gjerne fylt med vatn, men kan også vere tørr.
Parapet
Brystning, brystvern
Eit gjerde på toppen av ein mur eller vegg, som hindrar folk å falle ut eller å vere eksponert for fare utanfrå.
Palisade
Palisade
Gjerde av tømmerpåler som er gjort spisse på toppen
Pitfall
Fallgrav
Grop gravd for at nokon skal falle i den.
Portcullis
Fallgitter, gitterport, portkulisse, nedsenkbart gitter
Senkbar gitter framfor festningsport.
Secret door
Lønndør, hemmeleg dør
Ei skjult dør til hemmelege passasjer eller holrom.
Secret passage
Lønngang, hemmeleg gang
Ein skjult passasje mellom to punkt, som rømningsveg eller til anna lyssky aktivitet.
Trapdoor
Fallem, falldør, falluke, kjellerlem
Ordet i seg sjølv kan bety både skjulte luker og kjellerluker og feller. Gjerne om lem som kan falle rett ned, td. lem over en fallgrav eller passasje til etasje under.

Ordlista

Kjelder