Det er kanskje ikkje overraskande, men språk er ganske viktig for meg.
Mi favoritt-myte om Ivar Aasen er at han berre samla språk på vestlandet. Det er sjølvsagt bullshit, men den står sterkt i visse bokmålskrinsar.
Då pleier eg vise dei denne sida frå allmenning.no, som skildrar reisene hans i Noreg, den har også nokre hendige tabellar som viser ord han henta frå dei ulike delane av landet – mange som framleis er i både bokmåls- og nynorskordbokji.
Og nei, Aasen var aldri i Finnmark, men norsk var strengt talt ikkje majoritetsspråk der på han si tid (dette var idet fornorskinga av samar så smått var i startgropa). Ei heller var Aasens føretrukne samferdsle – apostlenes hestar – særleg effektivt der oppe i Thule.
Mitt forhold til andre mål
Riksmål er ok, dei kan henge, men bokmål tyster til politiet kvar gong.
Bokmål er ikkje eit språk, bokmål er fråvær av språkleg vilje – godt illustrert av at Bokmålsforbundet er drive av folk totalt utan noko form for språkutdanning. Eg kan skrive bokmål på same måte som at eg kan lage Grandiosa, det er enkelt fordi det er gjort så mange gongar før.
Ulike variantar av samisk er kult, og eg skulle ynskje eg visste meir av det enn «lihkku beivviin».
Å omsetje utomlandske tekstar til nynorsk
Ein slags hobby. Her er eit par i utvalg, nokre meir seriøse enn andre:
Sova godt, vetle bodnet
Sova godt, vetle bodnet
Mordi ho er vekk, og far din var bråkjekk
Åleine er du, vetle bodnet
Sova godt, vetle bodnet
Sova godt, vetle bodnet
Alle er på styr, ut blant pote og blant kyr
Åleine er du, vetle bodnet
Du er søt, vetle bodnet
Du er søt, vetle bodnet
I klippa honning er, men du vert søtare med meg
Å, her er flaska, vetle bodnet
Tåra stogg, vetle bodnet
Tåra stogg, vetle bodnet
Du og eg og Belsebub me har laga oss ein klubb
Treng ingen anna kjærleik, bodnet
Sova godt, vetle bodnet
Sova godt, vetle bodnet
Legg knokane sælt på ein bleika milepæl
Og vær med meg for alltid, bodnet
Inst i Nord-London, øvste toppetasje
Alt er kvitt, verdig ei Bonytt-reportasje
Duse veggar i grunntonar
Moderne kunst og ambisjonar
Verten er ein lege,
Real kar, driv ein praksis privat
Kjærasten hans er skodespelar
Ei veninne frå min heimstad
Og det er alltid koseleg hjå dei
så me har komt til middag.
Den femte gjesten er ukjend,
Vertskapet har hivd oss saman som ei teneste
Ho har akkurat kome frå Australia
har flytta til Nord-London
Og ho er nokon si syster,
eller ei anna svak forbindelse
Etter kvart som me vert introdusert
er eg slått av hennar skjønnheit
Ho er ugjendriveleg vakker
Mørke augo, mørkt hår
Men medan me sit der
Merkar eg at eg vert skeptisk
Fordi eg kan sjå hovudet til ein alv
tatovert på det populære området
Du veit, like over høgre rumpeball
Og når ho seier: «Eg er Skytten»
Har eg allereie danna ein samlesekk
Og strien vert straks stramare
Når ho seier ho heiter Storm
Praten går i utgangspunktet lett om laust og fast
Men det er ikkje lenge før Storm er i gang
«Du kan ikkje vite noko,
kunnskap er berre meiningar,»
meiner ho over glaset med Baco Noir
Tvers over bordet
Som eit svar
Til min alldeles empiriske kommentar.
Det var ikkje den beste starten.
Me har ikkje ein gong byrja med maten
Og på andre sida av bordet, mi kone
Hevar augebryna
i ei lydlaus bøn, «ver snill?»
Ikkje verdt å gjere ho ill
Så eg motstår trangen til å spørje Storm
om kunnskap er så laust vevd
at ho ein morgon
kan forlate leilegheita
gjennom inngangsdøra
eller ut andreetasje svevd.
Maten er deileg og Storm
Sjølv om ho unngår alt kjøt
sit stille og et
Medan den gode lege, litt brisen
Held hoff på anakronistiske aspekt ved medisinhistoria
Då bryt Storm plutseleg ut
«Den menneskelege kroppen er eit mysterium,
vitskapen hinkar, snublar og fell
når dei prøver å forklare djupna i den menneskelege sjel»
Vertinna kastar eit blikk i mi retning
Ho, som mi kone veit at eg
er på veg inn i ei krass beretning
Men mine lepper er segla for
Eg vil nyte mitt måltid
Og sjølv om Storm stryk meg mot håra
er det ikkje i mi interesse å vogge på båten
Trass i at det er litt av ein kamp.
Fordi – som hennar meteorologiske namnebror –
har ikkje Storm bekymringar for båten vår
«Farmasøyter er fienden.
Dei fremjer narko-avhengigheit
på bekostning av naturlege remedier
som er alt kroppen vår treng.
Dei er umoralske og drivne av pengar.
Kvifor ta dop
når urter løyser det?
Kvifor bruke kjemikalier
når homeopatiske oppløysingar
oppløyser problemet?
Det er på tide at me går tilbake til liv
Med naturlege medisinske alternativ.»
Og uansett kor hardt eg held på mi hemning
Ein aldri så liten sprekk oppstår
i mi diplomatiske demning
«Per definisjon,» startar eg
«har alternativ medisin,» fortset eg
«enten ikkje blitt bevist å fungere,
eller vist seg å ikkje fungere.
Veit du kva dei kallar alternativ medisin
som fungerar?
Medisin.»
«Så du trur ikkje
på NOKRE naturlege medisinar?»
«Faktisk tvert i mot, Storm!
Før me kom til te
Tok eg eit naturleg middel
frå barken frå piletreet.
Eit smertestillande middel, omtrent utan biverknad
Det har eit merkeleg namn
Kjære, kva var det igjen?
Maspirin?
Baspirin?
Åja! Aspirin!
Som eg betalte ca. ein femtilapp for
På mitt lokale apotek.»
Debatten avtar kort deretter
Medan vertane samlar asjetter
Men når dei kjem attende med desserten
Tiltek Storm ferden
«Shakespeare sa det først:
Det er fleire ting mellom himmel og jord
enn det som eksisterar i dine filosofiar…
Vitskap er berre slik me er opplært til å sjå røynda
Det forklarar ikkje kjærleik eller ånda.
Korleis forklarar vitskap dei synske?
Auraer? Det hinsidige? Bønas kraft?»
Eg finn meg sjølv
Stirande
Som ein kanin plutseleg stansa
I flomlyset frå ei mengd infatil slam
Om det er fordi ho feilsiterer Hamlet
Eller lyden av skrammelet åtte glas raudvin gir
Men mi diplomatiske demning stønner
Og rævholet i meg drønner
Det kan ikkje bli holdt tilbake lenger:
«Altså, Storm, eg meiner ikkje å stura
Men det finst ikkje noko slikt som ein aura!
Å lese auraer er som å lese tankar.
Eller stjerneteikn, teblader eller ki-kanalar.
Desse menneska yter ikkje eit yrke.
Anten så lyg dei, eller så er det mentalt sjuke.
Det same gjeld dei som hevdar å høyre Gud
Forresten,
Kvifor er det OK
Å late som at ein kan snakke med dei døde?
Er ikkje det jævlig sjukt i hovudet?
Å ljuge for ei gråtande kvinne som har mista ein liten
Og fortelje at du kan kontakte han frå hinsiden?
Det er berre grunnleggjande lynsk.
Må me verkeleg framleis avkrefte at det finst folk som er synsk?
Har me endå ikkje komt over den bøygen,
trur me framleis på trollet og draugen?
Trur du framleis at nissen gir oss gåver?
At Micheal Jackson ikkje hadde ein magisk makeover?
Er me så lamslått av simpel trylling
At me trur dei døde sin ønskereprise
er å preike skit med ein jævla skrulling
som vår eiga vesle Märtha-Louise?»
Til trass for mitt hån
Fyrer Storm av klisjéar med imponerande presisjon
Som ein snikskytar som brukar skitpreik som ammunisjon.
«Du er si sikker i din sak
Men du er berre sneversynt.
Snart vil du sjå
at di tru på vitskap og testar
er like blind
som hjå alle andre fundamentalistar»
«Hm, godt poeng, lat meg tenkje litt.
Ah, vent, min feil, rein og skjer bullshit!
Vitskap justerar trua basert på kva som er observert.
Tru er fornektinga av observasjon, slik at trua er konservert.
Om du kan vise meg
At homøpati fungerar,
Då skal eg endre mi føring
Snu på ein jævla femøring.
Eg vert flau som faen,
men skal springe gjennom gatene og rope
Det er eit mirakel! Moderne fysikk er søppel!
Vatn har hukommelse!
Og medan det alltid kan hugse ein løkjus-dæsj
Gløymer det augneblinkeleg tonnevis med bæsj!
Vis meg at det verker, og kvifor det verker
Så skal eg – når eg er attende frå den sjokkprega fasen –
Risse VISST FAEN midt i rassen!»
Alle stirrar på meg no,
Men eg er ganske berusa, og har gravd meg så langt ned,
Og har eg sagt A, skal eg faen meg seie B:
«Ja, livet er fullt av mysterier
Men det er svar der ute
Og dei vert ikkje funne av folk
Av grublarar
som alvorleg seier
«Er ikkje livet mystisk?»
Grubling er berre forbokstaven
Lat oss ringe den jævla paven
Lat oss sjå Oprah
Intervjue Deepak Chopra!
Om du skal sjå på TV, sjå Scooby Doo!
Det programmet var så kult
for kvar gong det var ei kyrkje med eit skrømt
Eller eit monster som var rømt
Så såg dei under maska og kva fann dei der?
Ein sirkusdirektør, eller ein vaktmeister!
Gjennom historia
har alle mysteria
som NOKON SINNE er løyst, vist seg å
Ikkje vere magi.
Er ideen om at det kan vere sant
Så skremmande?
Er ideen om at ein ettermiddag
På Wiki-faens-pedia kan vere opplysande
Så skremmande?
Er mangelen på det overnaturlege
Så sjokkerande for ei hippie-burugle
At du heller stotrar rundt i tåka
Skapt av di manglande evne til å Google?
Er ikkje dette nok?
Berre denne verda?
Berre denne vakre, komplekse
Fantastisk ufattelege verda?
Den klarar ikkje å halde
Oss frå å syte
å skape kjipe, menneskelaga monstre og myter.
Om du er så glad i Shakespeare,
O' lån meg ditt øyre:
«Å forgylle raffinert gull, å male ei lilje.
Å spraye parfyme på fiolen… skapar vrangvilje»
Eller noko slikt.
Eller kva med Satchmo?!
«I see trees of Green,
Red roses too»,
Og greit, om du parafrasert
Vil ha Krishna og Vishnu glorifisert
På ein post-kolonial, nedlatande,
patentsatt og prissatt slags måte.
Det er greit.
Men her er det som gir meg ein kraftig ereksjon:
Eg er ein liten, uvesentleg, uvitande klump karbon.
Eg har eitt liv, og det er kort
Og uviktig…
Men på grunn av at medisinar har blitt mykje betre
Får eg leve dobbelt så lenge som tipp-tipp-tipp-tipp-tipp-tipp-forfedre
Dobbelt så lang tid til å leve mitt liv
Dobbelt så lang tid til å elske mi viv
Dobbelt så mange år med vener og sprit, ja
Til å dele middag, og bli passe drita
Med alle dei heite hippiane
Som har alvar på ræva
og sumarfuglar på tattane
Om eg kanskje har deg fornærma
Tenk på dette, ingenting er forandra.
Det er like sannsynleg at me hoppar 10 minutt attende,
som at eg har klart å endre dine tankar til det betre.
…Så likar du Mango IPA Og turar under regnskjerm Om yoga gir deg strekk Og du les perm til perm Å, vil du pula ved midnatt På Arnanipa på fleip Så er det meg du ser etter Ver grei og høgresveip…