💬

Kor god du er i nynorsk har ingenting med korvidt du kan ordet «bustyvel»

Tags
SpråkNynorsk
Gard Steiro, kom heim!

Ifølgje Bergens Tidende sin kviss kan du sjekke kor god du er i nynorsk ved å plukke rett definisjon av 10 nynorskord. Ord som hovudsakleg er så arkaiske at dei knappast blir nytta i dagleg skrift — ei heller av dei mest hardbarka landsmålsbrukarar.

Fordi vi er slik skrudd saman har eg og Martin Årseth laga ein quiz over bokmålsord vi føler er omtrent samanliknbar. Den kan du lese på staden der alle lunsjpausar går for å døy, quiz.start.no (sidan denne posten blei publisert har quiz.start.no blitt nedlagd og starta opp igjen)

Berre for å poengtere har eg teke meg bruk av Retriever — tidlegare A-tekst, arkivet over mykje av norsk avisflora — for å finne kor vanlege desse orda er i bruk.

Bustyvel: Skriven 8 gongar sidan 1993, hovudsakleg i BT (og aviser som deler innhald med BT) sine saker om rare nynorskord.

Å vekkje åtgaum: Eit av dei mest populære orda i quizen, då det er eit drivande framifrå ord.

Åtsøken: Har ifølgje Retrievers arkiv blitt nytta éin — 1 — gong, ein artikkel frå Fjordingen om at leiaren for Ungdoms-OL var irritert over ein quiz i BT som brukte det som nynorskord.

«Då eg kom over denne testen vart eg litt irritert»: Eg og Martin mistenkjer at Miriam Flo er samde med oss. (Skjermskot frå Fjordingen-artikkel i Retriever)
«Då eg kom over denne testen vart eg litt irritert»: Eg og Martin mistenkjer at Miriam Flo er samde med oss. (Skjermskot frå Fjordingen-artikkel i Retriever)

Kverrsetje: Er nytta 50 gongar sidan 1992, dels i saker om faktisk kverrsetjing — eller beslaglegging om du vil — men også her mykje i artiklar om rare nynorskord. Er for øvrig også eit bokmålsord.

Grannsam: 9 gongar sidan 1955. I 1955 var ordet nytta i eit lesarinnlegg i VG skriven av ein islending.

Økslingsevne: Brukt to gongar i heile Retrievers arkiv.

Å røyste: Dette er eit heilt vanleg ord — bokmålsordet «røst» har same opphav — gratulerer, du kan norsk.

«Å kjøte seg»: Nytta éin gong i ein VG-artikkel, på bokmål, artig nok, frå 1966. Berre «kjøte seg» er nytta 6 gongar sidan den gong, og då like ofte som feilskrivingar av orda «kjøpte seg» eller «kjørte seg».

Skalkeherming: Nytta fem gongar sidan 1948. Då i ein artikkel om ei teaterframsyning med gode parodiar, elles stort sett brukt i artiklar om rare nynorskord.

Sløg: 56 treff sidan 1949. Stort sett brukt fullstendig normalt, sjølv om definisjonen har ein tendens til å variere litt frå dialekt til dialekt. Innimellom som skrivefeil av “sløv”.

God helg!