nr. 11: Hatet mot skeive - by Øyvind Strømmen

nr. 11: Hatet mot skeive - by Øyvind Strømmen

image
  • Lat meg leggja til: Når til dømes stortingspresident Masud Gharahkani seier at «hat er hat» og ikkje har noko med religion å gjera, så er dette openbert ei normativ fråsegn, ein måte å markera avstand på.
  • Kva rolle psykisk sjukdom kan ha spela er meir uviss, både når det gjeld sjølve angrepet og når det gjeld Matapour sin radikaliseringsprosess. Likevel er det å vona at den vidare debatten om dette både vert ført på ein måte som ikkje råkar folk som slit psykisk, og på ein måte som tek innover seg at sjukdom og ekstremisme ikkje er gjensidig utelukkande. I samband med terroråtaka i Oslo og på Utøya i 2011 fekk ein diverre ein debatt som i for stor grad framstilte psykisk sjukdom som ei slags alternativforklaring.
  • Eg skulle ønske nokon i media lagde ein djubdesak om dette. Då kunne ein for eksempel ha tatt med at det har blitt skote mot minst ein skeiv utestad i Oslo før. Ein kunne ha tatt med at skeive folk har blitt banka opp under pride kvart år så lenge eg kan hugse. Ein kunne også ha inkludert at ordskiftet mot Pride har vore særs aggressivt i år, at aktivistar har blitt pedosverta og at transfolk til stadigheit blir samanlikna med dyr. Ved å framstille det som eit enkeltståande tilfelle av islamistisk terror tar ein bort ein kontekst av tidlegare erfart hatkriminalitet og ikkje minst eit aggressivt ordskifte. Dette er farleg, fordi ein då ikkje tar tak i kjerna av problemet: homofobien og transfobien som legitimerar ei dehumanisering og gjer skeive kroppar til målskiver