Olav H. Hauge – Hauge om sitt første møte med lyrikken

Olav H. Hauge – Hauge om sitt første møte med lyrikken

Kva?
Intervju

– Om Olav H. Hauge er det mellom anna sagt at slik talar berre den som lever midt i notida. Om orda aldri så mykje har etterklangar frå fjerne tider og kulturar. Men kva har han å seie om sitt første møte med lyrikken, og det at han sjølv tok til å skrive dikt?

No kjem ein no bort i det gjennom radio og fjernsyn, og frå små vers og viser og alt slikt. Men før så var det noko kanskje først i skuleboka, i leseboka at vi støytte på vers og songar og slikt.

I alle fall var det slik med meg, det var i leseboka, og så i Norsk Barneblad som vi hadde, og i Gula Tidende som han far alltid heldt, at det stod dikt og slikt. Det var sånn i leseboka då.

Ja, det her likte eg, altså. Det var klangane, det var rimet eller noko sånt. Så eg veit jo i alle fall at eg prøvde å byrje å lage noko sånt i vers då, frå tolvårsalderen opp.

Men utan at det var andre som hadde laga slikt før, så hadde eg vel ikkje funne på det. Det er nettopp det. Ja, det er vel heile løyndomen.