Dag 1:
Kjære familie, for alt eg veit er de alt daude, for alt eg veit har de aldri eksistert, for alt eg veit er de berre ein idé planta i hovudet mitt av einsemda.
Brått stod eg der, omringa av audet. Vit, kropp og sjel – ja, sjølve mitt vesen – hadde materialisert seg i ein augneblink, og med dét, draumar og tankar.
Eg visste lite – akk – sjølv dei som var fødd i går ville ha eit føremon framfor meg, men eitt stod i hovudet på meg:
Eg måtte slå trær.
Omgivnadane mine gav spor av det kalde nord. Eg stod på eit goldt berg, ein utpost av stein ved ein tung og mørk furuskog. Mot horisonten, havet, og fjell av is. Ikkje eit levande beist å sjå.
Trea oppførte seg ikkje som kanskje naturleg hadde vore, segmenterte som dei var i blokker som haldt posisjonen sin og svevde, sjølv etter at eg slo gjennom stammen på treet med hendene mine. Men det fekk vere. Eg såg sola streve seg mot dagens topp, og før eg hadde fått summa meg var den på veg ned igjen – dette treet fekk utgjere materiale for både husvære og verktøy. Nokre soppar ved foten av eit tre fekk bli dagens måltid.
Før natta tok meg hadde eg ein stad å vere, Goldabu.
Natta var mørk og nådelaus, og utanfor huset høyrde eg kjeftar glefse etter kjøtangen min, knoklar slå. Kva gjorde eg eigentleg her? Korleis kom eg hit? Var dette sjølve helvetet?
Dag 2:
Då lyset atter slo over horisonten såg eg augene i skogkanten. Med eit provisorisk sverd – akk, ikkje særleg meir enn barndomens to kjeppar i kryss – gauv eg laus, midt mellom dei sjellause augo. Nokre velplasserte slag var alt som skulle til, og som ved eit trylleslag forlot fiendane verda like snøgt som dei hadde kome dit, og la berre igjen talismanar av det vedhenget dei ein gong var.
Eg såg nokre fleire av dei velsmakande brune soppane i ei mørk grov i eit skogholt og gjekk ned for å hente dei. Det var då det hendte første gong. Først, eit kviskrande surkel, som ei stemme or djevelen sjølv kveste i øyret mitt.
Ein eksplosjon. Eg var død.
Dag 2(?):
Kjære familie, for alt eg veit er de alt daude, for alt eg veit har de aldri eksistert, for alt eg veit er de berre ein idé planta i hovudet mitt av einsemda.
Eg lever igjen. Der eg vart fødd i går stod eg att. Der mitt førre eg var, låg fordums eigedelar, ispeidd lysande kuler, som bitar av min opprivne sjel.
Eller var sjelen eigentleg min? Er eg ein anna? Er eg oss båe? O, høgare makter, redd meg frå denne skjærselden.
Med ein bustad befesta står eg friare til å utvide horisontane mine litt, kanhende finst mi frelse om eg når eit mål ein stad? I overflata ser eg rått kopar, som truleg vil hjelpe på ressursinnsamlingane mine, men trekjeppane eg har satt i kryss er ikkje nok. Med litt eksperimentering får eg satt skarpe steinar i enden av eit skaft, og laga ei provisorisk hakke.
Dette hjelper fort, og eg får satt min enkle omn i gang med å smelte dette til formeleg kopar.
I min søken etter fleire mineral fell eg i havet. Med augo sperra opp av det kalde vatnet, ser eg noko lyse oransje der nede i augekroken. Nedst i ei grotte skin det i eld.Eld under vatnet? Svart magi? Lava? Kven veit.
Dette ser ut som noko eg bør finne ut meir om. Men ikkje enno.
Etter kvart som sola går nærare horisonten, kastar eg eit blikk mot sør. Isfjell. Isfjell så langt augo kan sjå. Ein finsk sjømann fortalte meg ein gong at i hans heimland, i motsetning til mange andre stader, omtalar helvete som kaldt. Ein franskmann skaut inn at det kanskje berre betydde at finnane var sikre på at helvete alt hadde fryse over, og at verda no kunne vere så bisarr som den berre ville.
Vent. Når møtte eg ein finsk sjømann? Kva er ein franskmann? Dette blir verre og verre, o’ familie.
Etter kvart som kvelden kjem finn eg meg sjølv i å tenkje på kva forsvarsverk som kan forhindre Dei Grøne i å snike seg opp på meg att. Mogleg eg må byggje murar mot omverda. På den andre sida, ei SENG hadde heller ikkje vore å forakte, kanskje ein kan byrje der.
Svolten gneg. Soppen eg har ete hittil blir verre og verre å finne i det umiddelbart nærliggande området. Då eg går og sparkar i det høge graset rundt meg blir eg overraska over at graset brått blir til noko uventa.
Frø. No snakkar vi.
Dag 3:
Eg set mot vest på morgonen i søken etter fleire frø. Det tek ikkje lang tid før eg høyrer ein kjend lyd, ein av dei vandøde kjeftane som kjenner lukta av blodet mitt på lang avstand. Han brenn i solrinnet. Men iblanda dei ofselege støna hans høyrer eg ein anna lyd, ei slags sanselaus klukking.
O’ familie, kor eg jubla!
Her i øydemarka, tilsynelatande ut or ingenting, ei høne. Dette er mat for mons – og meg. Diverre berre éi, men der det finst éi finst det to.
Nær Goldabu byggjer eg eit gjerde åt høna, og eventuell framtidig buskap. Eg skal kalle ho Winston.
Dag 4:
Oppmuntra av å finne Winston, kjære familie, byrja eg natta med å arbeide ut ein åkerlapp eg kan setje frø i framtida. Men i mørket vart eg overrumpla av tre vandøde som tvang meg inn i hytta.
Derfrå kan eg heldigvis forsvare meg godt. På morgonkvisten sette eg ut etter fleire dyr. Og eg fann, o’ familie, eg fann! Etter eit raskt klimaskifta fann eg tre sauer i ein dal fylt med blomar. Det kan godt vere dette tyder at eg bør flytte på meg i framtida.
O’ familie, lenge har eg tenkt at det var noko særskild med Goldabu og staden det først tok meg, men denne freistings dal har fått meg til å endre tankar. Det tok dog ikkje lang tid før overmotet tok meg, og eg fall frå eit tre då eg forsøkte å få oversyn over staden.
Dag 4(?):
Brått var eg tilbake til Goldabu. Klok av skade sprang eg attende til Freistingsdal for å finne eigedelane mine, og nokre få restar av min fordums sjel. Under dødsstaden min fann eg endå fleire freistingar, søte bær (som stikker når eg tek på dei).
Rik av naturens heilagdom snodde eg meg attende mot kalde Goldabu. Sjølv om verda framleis følest framand er det godt å ha ein stad eg kan kalle min, og då eg kom over kammen, med avlinga mi i strandkanten og bustaden i himmelsjå, kjende eg at det allereie ville koste litt å reise herfrå. Spesielt då Winston klukka hjarteleg ved min atterkomst.
På den andre sida:
Eg flyttar.
Eg flyttar, utan tvil.
På andre sida, ulla frå sauene eg fann gjer dette mogleg – god natt!: