Skråblikk på påska

Eg har lese meir bibel enn mange, utan at det i dag nødvendigvis betyr at eg er særleg kristen av meg. Mamma rekna det at eg døpte meg, og konfirmerte meg kristeleg som tenåring som min versjon av eit ungdomsopprør. Inspirert av det, er dette ein serie korte tekstar eg skreiv dag for dag påska 2024, basert på evangelia.

Mitt kongerike for eit esel – palmesundag

Palmesundag er dagen Jesus rei inn til Jerusalem på eit esel, og folk la palmegreiner, kappene sine, og diverse anna framfor han då han kom gjennom porten.

Men veit du korleis han fekk tak i eselet?

Jesus var ein luring. Ikkje eigde han eit esel, og i bibelens ordrike herlegdom er det heller ikkje nemnd at han kjøpte eller leigde det, men han la inn eit messiansk lån. Matteus, Lukas og Johannes seier Jesus sendte læresveinane til landsbyen for å ta med seg eselet dei finn der:

«Gå inn i den landsbyen som ligg framfor dykk! Der skal de straks finna eit esel som står bunde og har ein fole hos seg. Desse skal de løysa og leia til meg. 3 Og om nokon kjem med spørsmål, då skal de svara: ‘Herren har bruk for dei.’ Då sender han dei hit med ein gong.»

Smartingen Markus legger heldigvis til delsetninga: ‘Herren har bruk for han og sender han straks tilbake.’»

Så for å få til sin storslåtte entré, lånte Jesus to esel, med lovnad om å gje dei tilbake om nokon spurte han om det.

image

WWJD? – storemåndag

Det er storemåndag i dag, og sidan det er viktig å hugse kva påska handlar om skal vi i dag feire ved å bli forbanna på folka som blandar pengar inn i religionsutøving – her illustrert av Jesus som fordriver pengelånarane og duehandlarane frå tempelet i Jerusalem med pisk, som hendte dagen etter palmesundag.

image

God hates figs! – heilag tysdag

På heilag tysdag – Holy Tuesday, òg kalla Fig Tuesday, fikentysdag – anerkjenner me Jesu forbanning av fikentreet.

På veg til tempelet på stormåndag var Jesus svolten, og blei steik forbanna – hosianna! – då eit fikentre som bar lauv viste seg å ikkje bera frukt. Difor forbanna han treet, og sa at ingen skulle få ete av det nokosinne igjen.

Dagen etter, altså tysdag, såg disiplane at treet var rotna vekk. Seinare i same kapittel:

"Lær denne likninga av fikentreet: Når det kjem sevje i greinene og lauvet sprett, då veit de at sommaren er nær."

Så då veit de det!

image

Treat yourself! – heilage onsdag

På heilage onsdag – i Irland Spy Wednesday, spiononsdag om du vil – valde Judas Iskariot å svike Jesus og ta imot tretti sylvpengar for det.

Denne dagen var Jesus på besøk hos Simon den spedalske, og vart der (av ei tidvis namnlaus dame) olja inn med ei særs dyr parfyme – som truleg var både økologisk og kortreist! Læresveinane klaga på at olja var verd ei årsløn som heller kunne gjevast til dei fattige. Artig nok er det Judas «krølla femtilapp, yo» Iskariot som påpeiker dette i evangeliet etter Johannes.

Men, Jesus meinte det var verdt å bruke den på eigen lekam.

«Dei fattige har de alltid hos dykk, og dei kan de gjera vel imot når de vil, men meg har de ikkje alltid.»

Det er trass alt ikkje kvar dag han er i Betania. Og han har rett, det ER viktig å ta vare på seg sjølv med gode gåver innimellom. Om du gjer deg sjølv mest vel med sjukt dyr nardusolje eller ein kvikklunsj etter ungane er lagde skal ikkje eg vere domaren over.

image

Ta vare på venene dine! – skjærtorsdag

På skjærtorsdag – av det norrøne skirir, reint, som i «rein og skjær» – vaska Jesus føtene til kompisane sine, medan han samtidig gav dei råd om framtida.

Han viste seg som ein glimrande eventarrangør for overraskingsfestar, då han laga ein liten påskelabyrint for kompisane sine. «Kor skal vi reis hænn?» spurte Peter og Johannes.

«Når de kjem inn i byen, kjem ein mann som ber ei krukke med vatn, til å møta dykk,» sa Jesus, smilte lurt, og haldt fram: «Han skal de følgja til det huset han går inn i, og så skal de seia til han som eig huset: ‘Meisteren spør: Kvar er rommet der eg kan halda påskemåltid saman med læresveinane mine?’ Han skal visa dykk eit stort rom ovanpå med teppe og puter. Der skal de gjera i stand.»

Dei klarte det heldigvis før dagens sendetid var over, og samla seg i bula på loftet med brød og vin. Men før dei åt ville Jesus vaske føtene til kompisane sine. Peter nekta først, for føtene var jo skitne, men det er jo liksom poenget med å vaske føtene til nokon, at dei blir reine.

«Når no eg, herren og meisteren, har vaska føtene dykkar, då skyldar de òg å vaska føtene til kvarandre. Det er eit føredøme eg har gjeve dykk: Som eg har gjort mot dykk, skal de òg gjera.»

Jesus kom så med ei ny gåte, der han sa at brødet var kroppen hans, og vinen var blodet hans, og den gåta er det framleis folk som kranglar om det endelege svaret på over 2000 år seinare.

image

Kanskje gardiner ikkje er så viktig – langfredag

Langfredag – slik namngitt fordi ein skulle pine seg sjølv og gjere bot så dagen blei ekstra lang og fæl – er dagen Jesus vart teken til fange og hengd på krossen.

Judas Iskariot festar lagnaden med eit kyss, og romarane tek fangen sin. ««Kva er sanning?» sa Pilatus», og igangset det meste slik Jesus har forutsett før han trekker krossen opp Via Dolorosa – smertens veg.

Det har seg slik at eg har vore i Jerusalem, og gått langs nokre av desse vegane det seiast at Jesus gjekk – utan samanlikning for øvrig. Ein varm oktoberdag i 2010 unngjekk eg dei fleste varme kyrkjene fulle av køer, men vandra rundt i gamlebyen i staden.

Via «Life of Brian» og våre pytonske vener har krossfestinga fått eit visst blidsyn på seg, med lærdomen om at ein må kunne møte livets mørkaste tider med eit smil. Jesus lo derimot lite, sjølv om ein finn spor av ein og anna vits i hans del av Bibelen.

Om du vil vite cirka kor langt det er opp frå Jerusalem til Golgata kan du gå frå den gamle kyrkjegarden ved Stadsporten i Bergen og opp til Kalfartoppen. Av gamalt var det 1200 steg opp, tilsvarande vegen Jesus farta. Og namnet Kalfaret kjem nettopp frå «calvaria», det latinske namnet på Golgata (båe tyder «hovudskalle»).

Der oppe vart Jesus spotta og etter å ha fått vineddik for tørsta si døyr han med eit skrik så høgt at gardinene i Jerusalem revna (iallfall éi veldig viktig gardin).

image

Kvar var det no du la den greia igjen? – påskeaftan

Påskeaftan er dagen då Maria, Maria og gutta mutt (i litt ulike konstellasjonar) finn Jesu grav tom.

Ein engel står der, og seier «Ver ikkje redd». Han gjev bod om at det dei aller mest er på jakt etter ikkje er der dei trudde det var, og minner dei på orda Jesus har sagt:

«Ver listige som ormar og uskuldige som duer!»

Nei, altså, eg meiner: «Salt er ein god ting.» Eller, eigentleg: «De er meir verde enn mange sporvar.» Nei, vent, det andre andre andre sitatet:

«Leit, så skal de finne.»

Nært nok! Same dagen gjekk Jesus og tala med to læresveinar utan at dei kjende han att – «…auga deira vart hindra i å sjå» før han openberrar seg (delvis).

Tenk på det neste gong hanskane dine ikkje er der du la dei sist. Og når du likevel finn dei der du la dei etter at kjærasten din seier «men dei er jo der!». Det er ikkje deg, det er ein engel.

image

Jesus visar sunnfjordsk sinnelag – første påskedag

Påskedag, eller første påskedag som vi kallar den her, fordi vi har to av dei (vi pleidde å ha tre) er dagen Jesus i soga stod opp frå dei døde og viste seg for læresveinane, som var samla for å snakke om dei siste dagars hendingar.

Det første Jesus sa etter at han forklarte dei at han ikkje var eit spøkelse var:

«Har de noko å eta her?»

Ei solid prioritering frå Jesus i ekte «ete fysst»-ånd. Så læresveinane gav han eit stykke fisk som han åt medan dei såg på. Andre stader i bibelen skrivast det både at han åt og drakk med kompisgjengen sin.

Det siste evangeliet, etter Johannes, avsluttast med eit avsnitt som seier at Jesus gjorde sjukt mykje greier som ein ikkje har plass til å skrive ned i éi bok, som gjer det ekstra spennande at ein har fått plass til at Jesus bad om litt kveldsmat.

Årsaken er truleg at ein ikkje er seg sjølv om ein ikkje har ete.

image

Snart på tide med jobb, MEN FØRST…

Andre påskedag – eller trafikkmåndag som det gjerne er kalla enkelte stader i landet – er feiringa av at nyheita om Jesu oppstande vart spreia rundt i verda.

Det er ikkje ein fridag over alt, men det er blant anna trafikken som er ein av grunnane til at dette er ein fridag i Noreg – vi har eit langt land, og det har vi hatt i ganske mange år. Professor i religionsvitskap Dag Øistein Endsjø ved UiO seier dette om andre påskedag til Avisa Oslo:

– Sånn jeg har sett det handler det altså om geografi – om å sikre at alle kunne komme seg frem og tilbake til gudstjenesten i disse tre viktigste kirkehøytidene.

Det er lite om sjølve dagen i Bokji, men ein må anta at det er mange apostlar som har satt i kø ved Trengereid oppigjennom tidene.

image

Nokre ting var betre i gamle dagar – tredje påskedag

Haha, du trudde vi var ferdige? Tredje påskedag – ein heilagdag fram til den vart fjerna i Festdagsreduksjonen av 1770.

Saman med tredje juledag, tredje pinsedag, og eit par andre haldt den likevel fram som ein prikkedag, dåtidas tilsvarande som den «halve dagen» mange har no på julaftan og onsdagen i den stille veka.

Så seint som i 1901 vart det protokollført at Suldal kommune framleis rekna desse som fridagar for tenestefolk og arbeidande.

Eg let Jesus ta siste ordet i denne føljetongen, gå med hans åtvaringar:

«Pass dykk og ta dykk i vare for surdeigen[…]!»

image

Relevante greier

🍿Film, bøker og andre opplevingar

📗John Green

🍃
Heim · Tekst og meiningar er mine eigne · DFTBA: Ikkje gløym å vere framifrå · Andreas H. Opsvik: @tanketom@tutoteket.no