Kartet deler sykkelruter i Bergen inn i fleire ulike kategoriar:
1. Tilrettelagte sykkelruter med sykkelvei, sykkelfelt
1b. Gang- og sykkelvei
2. Sykling i blandet trafikk – lite trafikk
3. Sykling i blandet trafikk – middels/mye trafikk
4. Sykkelvennlige turveier –sykling på gåendes premisser
5. Gågater – sykling på gåendes premisser
I tillegg er det markert med trygg sykkelparkering og liknande punkt i kategori 6. Trygg parkering og bysyklar i kategori 7. Bysykkel.
Rutene er difor i fleire ulike lag i kartet.
Kartet produserast i Google-tenesta My Maps, men er også tilgjengeleg i OpenStreetMap, og vi har backup i ulike kartfiler.
Ynskjer du tilgang eller kopi av nyaste kart, ta kontakt med meg (tanketom@gmail.com) eller SLF Bergen og omegn (bergen@syklistforeningen.no).
Legge til strekning
Slik legger du til strekningar i sykkelinfrastrukturkartet i Bergen, til dømes sykkelfelt eller områder med mindre trafikk.
Gå inn i det redigerbare kartet Sykkelruter Bergen i Google My Maps.
Finn området du ynskjer å legge til sykkelinfrastruktur i. Her er til dømes sykkelfeltet i Nattlandsvegen.
Trykk så på knappen “Draw a line” under søkefeltet øverst, og velg “Add a line or shape”. Merk at eg har valgt laget “1. Tilrettelagte sykkelruter” (visast ved den blå streken på venstresida av boksen).
Klikk deg bortover vegen for å markere der sykkelinfrastrukturen er, her viser eg sykkelfeltet på høgresida av vegen ned mot Landås. Om du er i “teiknemodus” og fører musepeikaren mot kanten av kartet, skal den automatisk scrolle, slik at du slepper å gå inn og ut av teiknemodus for å lage ein kontinuerleg strek.
Har du nådd enden av sykkelinfrastrukturen, trykker du på det siste punktet du laga for å lagre strekninga. Gi det eit namn (”Sykkelfelt” eller “Sykkelveg”, osv., er tilstrekkeleg).
Legge til sykkelpunkt
Slik legger du til punkt som er interessante for syklistar i kartet, til dømes bysykkelstasjonar eller sykkelparkering.
Gå inn i det redigerbare kartet Sykkelruter Bergen i Google My Maps.
Finn området du ynskjer å legge til sykkelinfrastruktur i. Her er til dømes Sletten Skole, der det er ein Bikely-sykkelparkeringsboks.
Velg knappen “Add marker” (fjerde frå venstre) under søkefeltet.
Klikk på kartet der punktet er, og legg til eventuell hjelpsam informasjon du tenkjer kan vere nyttig.