👓

10 ting eg har lært av John og Hank Green på 10 år

Tags
BloggYoutubeInternett

For 10 år sidan var eg cirka 19, og hadde flytta inn i mitt første ordentlege kollektiv utanfor føresatte sine trygge veggar. Som aktiv Youtube-sjåar sidan vidaregåande — rett nok hovudsakleg for lett tilgang til ulovleg opplasta versjonar av TV-seriar som ikkje gjekk på norsk TV (les: den japanske animasjonsserien Naruto, ikkje døm meg) — fulgte eg alt då eit par gryande Youtube-skaparar.

Ein dag dukka videoen Accio Deathly Hallows opp, ein slags musikkvideo med ein sang av ein kar som gledde seg like mykje til den siste Harry Potter-boka som det eg gjorde. Det var Hank Green.

Han — økologiutdanna nettnerd og musikar — og broren John — ungdomsbokforfattar og journalist — laga då ein videoserie der dei laga videoar til kvarandre for å bli betre kjend, og for å teste ut denne nye måten å kommunisere med omverda på. Dei var inspirerte av blant anna netthumorist og tusenkunstnar Zefrank.

Akkurat den videoen skulle vise seg å verte noko av det som skulle endre liva til Green-brørne. Den gjekk for alvor viralt—i så stor grad ting gjekk viralt i 2007 og eg har fulgt dei to brørne sine mange, mange, mange, mange, mange prosjekt heilt sidan då. I ein video frå juli snakkar John Green litt om det, i kontekst av skilnaden på gode og dårlege nyheiter.

Her kjem ei liste—med altfor mange videoar, og så få internvitsar som mogleg—over 10 ting Green-brørne har lært meg:

1. DFTBA — don’t forget to be awesome.

«Ikkje gløym å vere framifrå» er eit mantra som gjennomsyrar alle prosjektet deira, både som ei fråsegn å hugse når verda går imot ein, eller ei kvardagsleg helsing. Det er både Hakuna Matata og «hadet» i same setning—og av og til er det greit å minne seg sjølv, og andre, på det.

2. Metallringen som held eit viskelær fast til ein blyant heiter ferrul, eller duppsko.

Trivia, mmmmm…

Duppsko er også namnet på andre objekt som krympar to objekt saman, som til dømes på ledningskontakter eller for å halde busten på ein pensel.

3. Menneske er rare greier

…og det er det viktig å bli tenkje på innimellom—ikkje minst er det viktig å bli mint på kor enkelt utgangspunktet mitt er.

4. Gode nyheiter skjer sakte, dårlege nyheiter skjer fort

Det er av og til vanskeleg å tru, men verda er på mange måtar betre no enn nokosinne. Dette gjer til at eksplosive hendingar får meir plass enn dei grafane som sakte, men sikkert tikkar rett veg—og som tikkar rett veg på grunn av hardt arbeid. Alt blir sjølvsagt ikkje betre, klimaprognosar er eitt av unntaka, men mykje vi overser går den retninga vi skulle ynskje den gjer det.

Nokre eksempel på slike grafar, og slikt arbeid

5. Berre ni prosent av sjiraffsex er heteroseksuell

Sex mellom sjiraffar har teke opp ein overraskande stor del av dei 10 åra Vlogbrothers har vore på bana—det byrja med eit kjapt spørsmål i 2007, før dei var innom det i ulike samanhengar, og i 2010 tok dei endeleg opp temaet på alvor:

Meir informasjon om sjiraffsex enn du nokosinne trudde du trengde

Det var også ei oppfrisking i 2016. Sjiraffsex er framleis alle på topp 3, og fire av topp 10 blant Vlogbrothers’ mest sette videoar. Fordi, kvifor ikkje?

image

Giraffe Sex

6. Du burde stirre i ærefrykt på eikvar kongle

John Green har to born, og beskriver sonen Henry sitt første møte med ei kongle i eit intervju med Radio Times:

– For meg såg det ut som eikvar kongle eg nokosinne har sett, men så såg eg dei med Henry sine auger. Det var utruleg, eit symmetrisk og nydeleg verk, resultatet av millionar av år med krefter, molekyla som leidde dette treet til denne kongla, og woooooow! Henry hadde rett, det var herleg. Du burde stire i ærefrykt på eikvar kongle.

7. Å sikte mot 80 % er ofte riktig

Ekte perfeksjonistar får aldri gjort noko heilt ferdig. Spesielt fordi det sjeldan finst berre eitt 100 %-mål i eit prosjekt.

Det er alltid avkastingar, avventingar, avvegingar, og andre -ingar som gjer til at det er greitt å sjå etter 80 %-merket. Det hadde vore freistande å gjere dette til ei 8-punktsliste no—men eg lovar at eg skal gi deg 10 punkt.

8. Vi er her fordi vi er her fordi vi er her fordi vi er her

– 2017 har vore eit langt år, seier John Green, og eg kan ikkje anna enn å vere samd med han.

9. Det er lov til å vere både seriøs og useriøs samtidig

For tida er det Pizzamas — den årlege feiringa av… noko?

– Verda er komplisert, og å forstå den er viktig, men om du ikkje klarar å kose deg, så kjem du ikkje til å kose deg, og du kan sitere meg på det, seier Hank Green i denne videoen som forklarar opphavet og poenget med Pizzamas.

I år er det den femte gongen dei feirar det. Eg har snart fem t-skjorter med ansiktet til John på. Som Nerdfighter—tittelen fans av Hank og John Green har gitt seg sjølv—er dei klesplagg eg ikler meg med stoltheit.

10. Imagine others complexly

Eller «Forsøk å forstå andre menneske som komplekse vesen». Dette er ei av grunnformlane i det Greenske verdssynet — og etter kvart namnet på paraplyorganisasjonen som står over alle videoprosjekta deira.

Då John Green stilte i ein spørsmålsrunde på Reddit nyleg, stilte eg han spørsmålet om kva meiningar han hadde hatt som hadde endra seg på desse 10 åra. Han svara dette:

Svaret på kva av John Green sine meiningar som har endra seg mest dei siste 10 åra.
Svaret på kva av John Green sine meiningar som har endra seg mest dei siste 10 åra.

Eg trur dei fleste har noko å lære av Green-brørne — dei er opptekne av miljøet, av folk, og av samtalar. Det er godt mogleg at mi samling av munnhell og visdom kan bli litt vel konsentrerte for enkelte — difor er det viktig for meg å få fram først at dei først og fremst berre er engasjerte og formidlande og morosame karar, ikkje berre Coelho-wannabes.

Internett, som har vore både heimstaden min og heimstaden til Vlogbrothers dei siste ti åra, har endra seg drastisk. Eg skulle ynskje fleire tenkte som John og Hank—og eg har tenkt å nytte tida mi her til å tenke så hardt eg kan som dei, med omtanke, kunnskap, perspektiv, og humor.