I 2011 anmeldte eg «Captain America: The First Avenger» for Bergens Tidende, og i ein inspirert augneblink samanlikna eg filmbudsjettet med monarkiet Santa Lucia sitt statsbudsjett:
Som dei fleste store superheltfilmar er spesialeffektbudsjettet på storleik med statsbudsjettet til ein liten karibisk øystat (i dette tilfellet, monarkiet Saint Lucia).
Av ein eller anna grunn fekk eg no, nesten ti år seinare, for meg at eg skulle gjere det same med alle Marvel-filmane.
Her er filmane, rangert etter budsjettstørrelse, satt saman med tilsvarande statsbudsjett for nasjonar i verda. Statsbudsjettsummar stort sett frå CIA Worldbook, kompilert i denne Wikipedia-lista, filmbudsjettsummane frå denne lista. Andre summar frå lenka nyhendeartiklar.
Avengers: Endgame (2019)
Budsjett: 400 000 000 amerikanske dollarTilsvarar: Statsbudsjettet til Saint Lucia (2017)
Avengers: Age of Ultron (2015)
Budsjett 365 000 000 amerikanske dollarTilsvarar: Statsbudsjettet tilSaint Kitts and Nevis (2017)
Avengers: Infinity War (2018)
Budsjett: 300 000 000 amerikanske dollarTilsvarar: Statsbudsjettet til Timor-Leste (2017)
Captain America: Civil War (2016)
Budsjett: 250 000 000 amerikanske dollarTilsvarar: Statsbudsjettet til Nord-Marianene (2017)
The Avengers (2012)
Budsjett: 225 000 000 amerikanske dollarTilsvarar: Statsbudsjettet til Guinea-Bissau (2017)
Black Panther (2018)
Budsjett: 200 millionar amerikanske dollarTilsvarar: Litt mindre enn Statsbudsjettet til Mikronesia (2013)
Guardians of the Galaxy Vol 2 (2017)
Budsjett: 200 millionar amerikanske dollarTilsvarar: Statsbudsjettet til Vanuatu (2017)
Iron Man 3 (2013)
Budsjett: 200 millionar amerikanske dollarTilsvarar: Statsbudsjettet til Kiribati (2013)
Iron Man (2008)
Budsjett: 186 millionar amerikanske dollarTilsvarar: Statsbudsjettet til Gambia (2017)
Thor: Ragnarok (2017)
Budsjett: 180 millionar amerikanske dollarTilsvarar: Budsjettunderskotet til Gambia (2017)
Captain Marvel (2019)
Budsjett: 175 millionar amerikanske dollarTilsvarar: Så mykje pengar Citibank sendte til hedgefondet Brigade Capital Management ved ein feil i 2020
Spider-Man: Homecoming (2017)
Budsjett: 175 millionar amerikanske dollarTilsvarar: Så mykje pengar som ein fyr har i bitcoin, men ikkje får tak i fordi han manglar passordet til bitcoin-lommeboka si
Guardians of the Galaxy (2014)
Budsjett: 170 millionar amerikanske dollarTilsvarar: Så mykje pengar folk gav til Donald Trump månaden etter valget for at han skulle «sørge for at demokratiet sigra»
Captain America: The Winter Soldier (2014)
Budsjett: 170 millionar amerikanske dollarTilsvarar: Så mykje pengar som Google måtte betale i bøter i 2019 for ikkje å ha fulgt ny lovgivning i USA for innhald retta mot born
Iron Man 2 (2010)
Budsjett: 170 millionar amerikanske dollarTilsvarar: Så mykje pengar som basketballspelaren John Wall skreiv under på å motta for ei 4-årskontrakt som går ut i 2021
Doctor Strange (2016)
Budsjett: 165 millionar amerikanske dollarTilsvarar: Så mykje pengar som hedgefond-milliardær Steve Cohen brukte på eit Roy Liechtenstein-bilete i 2017
Spider-Man: Far From Home (2019)
Budsjett: 160 millionar amerikanske dollarTilsvarar: Så mykje pengar som den dyraste villaen nokosinne auksjonert bort var prisa til
Thor: The Dark World (2013)
Budsjett: 150 millionar amerikanske dollarTilsvarar: Statsbudsjettet til Comoros (2017)
Thor (2011)
Budsjett: 150 millionar amerikanske dollarTilsvarar: Statsbudsjettet til Dominica (2017)
Captain America: The First Avenger (2011)
Budsjett: 140 millionar amerikanske dollarTilsvarar: Statsbudsjettet til Saint Lucia (2011)
The Incredible Hulk (2008)
Budsjett: 137,5 millionar amerikanske dollarTilsvarar: Budsjettoverskotet til Cayman Islands (2016)
Ant-Man and the Wasp (2018)
Budsjett: 130 millionar amerikanske dollarTilsvarar: Statsbudsjettet til Tonga (2017)
Ant-Man (2015)
Budsjett: 130 millionar amerikanske dollarTilsvarar: Statsbudsjettet til Palau (2017)
Kva har vi lært av dette? Diskutér i grupper.
PS: Saint Lucia står to gongar med vilt ulike summar ila. nokre år, noko eg mistenkjer har med at eit filmbudsjett er ei mangefasettert greie — nokre stadar skriver med promoteringsbudsjett, andre utan, og Hollywood-rekneskap er i tillegg så shady at det har sin eigen Wikipedia-artikkel.