📖

Knausgårdminions og BankID-metal

Tags
InternettMeme?
Bilete av ein minion med teksten «Slik hadde det seg at jeg gikk moderne og feminisert rundt i Stockholms gater med en rasende attenhundretallsmann i mitt indre».
Bilete av ein minion med teksten «Slik hadde det seg at jeg gikk moderne og feminisert rundt i Stockholms gater med en rasende attenhundretallsmann i mitt indre».

Eg likar teite prosjekt. Og eg elskar å blande saman to ting som ein vanlegvis ikkje tenkjer at kan blandast saman, kall det mashup-kultur eller kva som helst – ofte har eg iallfall sansen for det.

Difor har eg blant anna laga møter mellom Game of Thrones og Mot i Brøstet, mellom Kampen om Tungtvannet og Bare Bea, og til og med Star Wars og Friends.

Men den eg framleis har mest sansen for er Knausgårdminions.

image
image
image

Du finn fleire av dei på Facebook. I det siste har eg òg leika med BankID og svartmetallband-logoar, fordi det er to særnorske ting som ikkje burde ha noko med kvarandre å gjere — og nettopp difor er morosame saman.

Det har blitt BankID-metal, som du òg finn på Facebook og/eller Twitter.

image

Relatert