👩‍💻

Benedict Cumberbatch-namnegenerator

Tags
InternettMeme?
image

Sjølve vitsen er gamal — det det faktum at Benedict Cumberbatch sitt namn er så erkebritisk at ein ofte kan byte ut kva som helst av stavingane og få eit namn som likevel minner litt om hans — men likevel da.

Og fordi eg hadde litt tid til overs, så laga eg denne generatoren — med førebels over 900 000 000 ulike permutasjonar (med litt overvekt på Bene-, -dict, Cumber- og -batch) – til dømes Bucketlube Cumbershlick, eller Dungeonchin Chunderbox.

image

Den er laga ved hjelp av Justin Windle sin WTFEngine (open-source på GitHub), eit ganske enkelt rammeverk i Javascript som kan hente ut informasjon frå eit Google-doc.

Og det er rett og slett det som driv generatoren — eit rekneark med i underkant av 170 variantar i fire kolonner som erstatning for «Bene-», «-dict», «Cumber-» og «-batch».

Enkel humor, men ein fin måte å glede seg sjølv med eit museklikk!

Relatert