〽️

M si påverking på meg

Tags
BloggTeikneserie
Det første M-bladet.
Det første M-bladet.

Kvifor har eg skrive over 350 enkeltartiklar om teikneseriestriper, spør du?

På ein førjulstur i 2018 vart eg mint på kor mykje eg likar teikneseria M, av Mads Eriksen. Alle blada mine frå då eg gjekk på skulen ligg i barndomsheimen, så då eg kom heim til Bergen igjen, gjorde eg som alle andre fornuftsmenneske; eg gjekk på biblioteket — og lånte boka M: De første årene.

Det skulle bli ei reise attende til halvparten av internvitsane mine som eg hadde gløymd opphavet til, og det som openbart var introduksjonen min for kultfilmverda utanfor filmane eg allereie hadde byrja å interessere meg for rundt ungdomsskulealder.

M plasserar ein semisjølvbiografisk Mads Eriksen og kona Madammen i ein surrealistisk verden full av nerdete utfall, der få innfall blir konsekvensutreda før dei allereie er gjennomført.

Det er dagdrøymingas Trondheim, der Darth Vader og paven har akkurat like lett for å dukke opp — gjerne samtidig om dei må.

Eit perfekt tidspunkt

Serien traff meg nok på eit perfekt tidspunkt. Medan eg gjekk i 9.klasse i 2003 vann den Dagbladets teikneseriekonkurranse, akkurat idet eg byrja å sjå strekke nerdehendene mine mot horisonten som til då hadde vore Pondus (og Donald og Tommy og Tigern før der igjen). Den hadde Star Wars og surrealistisk humor, vekte nysgjerrigheita med hint til ein større geekverden der ute, og var rett og slett hylande morosam.

Ikkje minst var den, berre, annleis. Til dømes fann eg ut at det var M som introduserte meg for illustratør Jens K. Styve sine verk — ein gong rundt 2005.

Googlande Brilleslange — min eigen versjon, sterkt inspirert av M.
Googlande Brilleslange — min eigen versjon, sterkt inspirert av M.

Eg fulgte serien gjennom vidaregåande — og byrja jommen meg på mi eiga teikneserie medan eg studerte i Bergen i 2007, tydeleg inspirert — før det byrja å butte litt mot for Mads Eriksen i 2009. Serien tok etter kvart nokre lange pauser, før den for alvor gav seg i 2012, grunna ein overarbeidd og utbrent serieskapar. Sidan har blada hovudsakleg lagt i barndomsheimen min — og kun plukka opp på tilfeldige tidspunkt.

Og ja, det er ikkje alt som har halde seg like godt. Litt på same måte som at eg er glad i Friends trass nokre utdaterte vitsar om LHBT-folk, er det ein og anna punchline som ikkje treff særleg i 2019. Men i all hovudsak er serien den surrealistiske kvardagen eg hugsar så med fryd.

M, også på internett!

Rundt tida då M hadde si eiga nettside, hadde den også eit eiget forum (dette var i gamle dagar, ungdom — då Facebook ikkje enno hadde teke over det siste av uformell sosialisering på internett), der folk gjerne hjalp til med å diskutere kva referansene frå stripene var til.

Etter kvart endte det også med å bli ein liten wiki — der lesarar kunne legge til sine tolkingar og beskrivingar av enkeltstriper. Den heiter Mpedia, og ligg på det som i dag heiter Fandom (i gamle dager heitte det Wikia).

Inspirert av å ha lest stripene på nytt, og sidan eg er geriljaarkivar i ulike hobbyprosjekt, byrja eg å vurdere om eg skulle plukke opp igjen denne gamle wikien. Men sidan stripene ikkje finst på nett lengre, gav ikkje den gamle inndelinga på wikien så mykje meining lengre.

Så eg laga ein ny wiki: Mperiet

MPERIET SLÅR TILBAKE
MPERIET SLÅR TILBAKE

Det siste halve året har eg brukt nokre timar her og der til å arkivere striper, og forsøkt å lage eit system som gir meining for meg — og som har si rot i M-bøkene, sidan serien ikkje er på nett lengre.

Fordi eg av ein eller anna grunn meiner at fortener detSå mykje har nemleg denne teikneserien betydd for meg.

PS: Og for øvrig meiner eg at nokon burde betale noko pengar ein stad slik at M kan kome på nett igjen.

PPS: madseriksen.no er på nett igjen – og han produserar no striper, hipp hurra!