🤣

Standup (og ein liten diskusjon om humor)

Utgangspunktet mitt er at alt kan vere morosamt, men at det ofte skal meir . Dersom ein vits om å banke kona si fordi å vere gift er kjipt like godt kunne ha blitt sagt i 1985, kvifor sjå ein komikar slå den same vitsen i 2022?

Her er eit par av mine favorittar for tida, både wholesome og ikkje.

Taylor Tomlinson

Klarar å vere slem og snakke om mental helse, forhold, og verda.

Dustin Nickerson

Wholesome. Ein av få komikarar som verkeleg elskar kona si.

Adam Hills

Wholesome. Sportskommentator som manglar ein fot.

Andre

Diskusjon om humor

Ta til dømes denne sketsjen frå absurdhumoristane i svenske Grotesco (The Trial frå 2007).

Eg synest det er ein sylskarp parodi på ein ekstremt sjølvoppteken og sjølvrettferdig filmsjanger (som, på dette tidspunktet, iallfall) alltid hadde kvite manusforfattarar og regissørar, den leikar absurd med satte TV-konvensjonar (reklameplakatar, undertekstkluss og underbetalte tekstarar), tøyser med språk på ein måte eg likar særs godt, og er i tillegg pen å sjå på på ein måte som sketsjeprogram på TV sjeldan er.

Sjølv om eg i utgangspunktet synest blackface er ein uting, så meiner eg at det her ikkje hemmar det surrealistiske, og – med eller utan vilje – kanskje tek det absurde eitt hakk høgare enn det ville ha vore ellers. Var utgangspunktet likevel hovudsakleg fordi Grotesco ikkje hadde ein kar med afrikansk opphav innanfor rekkevidde? Truleg.

Grotesco har seinare gjort denne sketsjen i liveshow, og då er den tiltalte ein kvit person, fordi dei ikkje ynskjer å forsterke rasistiske stereotypar.

Eg vil seie at det ikkje er så enkelt som at gapskratt = morosamt.

Latteren er også i konteksten – ikkje minst fører latter gjerne til meir latter! Morosame standup-komikarar kan bombe og møte vanskelege publikum, det betyr ikkje at dei ikkje er morosame den dagen. Enkelte er dog betre til å møte og/eller snu vanskelege publikum enn andre – td. Bill Burr sin rant mot Chicago for nokre år sidan.

Litt på sida: då eg jobba som filmanmeldar synest eg det krevde meir innleving å sjå ein humorfilm om eg sat i salen åleine, enn om vi var ein 5-10 folk i salen. Og i radikalt andre enden, eg lo veldig mykje av humorskrekkfilmen Black Sheep (australsk b-film om zombiesauar), fordi vi sat i ein låve på Hovefestivalen og det hjalp truleg også at eg var humrete av passivrøyka hasj.

Det betyr verken at filmen var fantastisk, ELLER at ein treng rusmidler for å synest den er gøy, men at publikumssituasjonen OGSÅ må takast inn i konteksten, på same måte som at framføringa også er ein del av vitsen.

Å lese trans-vitsane til Gervais er ikkje det same som å sjå dei. Om to folk fortel den same vitsen er det openbart ikkje den same vitsen båe gongar.

Nate Bargatze er også ein sånn "måten han fortel på er viktigare enn det han fortel om sånn (utan samanlikning for øvrig) – i utgangspunktet snakkar han jo berre om “å bestille kaffi på Starbucks”, men klassisk “relatable mellommenneskeleg kvardagsnevrotisk angst” kjem i vegen. Eg likar han godt, med mindre han reduserar vitsane sine til “uff, kona mi, altså”. Til radikal forskjell frå td. Bert Kreischer-typar, som gjerne byrjer med absurde historier som berre eskalerar (“THE MACHIIINE!”).

Og er det eg meiner med at eg nok humrar tidvis av Gervais uansett, for han er jo der han er av ein grunn – han forteljer historia bra, så meiner eg nok likevel at han velgjer for lågthengande frukt å snakke om.

Både han og Chapelle er jo ikkje kvarmann, dei er folk som får nokre titals millionar dollar for å fortelje vitsar på ei av verdas største streamingplattformar. Dei er jo langt høgare i hierarkiet enn dei likar å framstille seg, sjølv om blodfansen på gølvet meiner sine meiningar representerte. Eg meiner at det skal meir arbeid til for deira del for ikkje å sparke nedover enn for “your average moroperson på ei scene”. Ditto på Tore Sagen og n-ordet, om enn innanfor ein norsk kontekst.

🍃
Heim · Tekst og meiningar er mine eigne · DFTBA: Ikkje gløym å vere framifrå · Andreas H. Opsvik: @tanketom@tutoteket.no