BetterTouchTool – veldig tilpasningsvenleg program som let deg tillegge eigne muse- og touchpad-rørsler og -klikk til dei fleste kommandoar i dei fleste program. Einaste ulempa er at det fører til at du for alltid vil forsøke å bruke desse på andre sine maskiner, og skjære tenner når dei ikkje fungerar.
1password – passordhvelv som tek vare på alt du treng av privatliv og passord og kunnskap det er hendig å ha tilgjengeleg, men ikkje så tilgjengeleg at alle kan finne det.
Day-0 Calendar – lettvektskalender som ligg øvst i verktøylinja og har fine funksjonar.
f.lux – programvare som tilpassar lysfargen på skjermen din, og gjer den mindre blå på kveld og morgon