LoRa er ein radioteknologi som kan sende små datamengder over lange avstandar med svært låg energibruk. Den er ideell for sensornettverk som treng å operere i fjernområder eller med begrensa straumforsyning. Til dømes blir det brukt for at landbruksutstyr kan kommunisere med kvarandre.
Meshtastic er eit open‑source‑prosjekt som lèt mange små LoRa‑einheiter samarbeide for å formidle meldingar utan ein sentral gateway – nyttar same. I eit nettverk kan kvar node både sende og vidareføre data, noko som gir større dekningsområde og robustheit. Tenk på det som ein walkie-talkie, men for tekst (og til nauds, GPS-koordinat), men meldingane går ikkje via noko sentralt nav. Ein kan anten sende meldingar til alle nodar som kan motta meldingar, eller kryptert til éin eller fleire spesifikke mottakarar. Med krypteringa på kan andre noder framleis motta og vidaresende meldingar gjennom nettverket.
Eg har lyst til å utforske både hardware og software, lage praktiske prosjekt for frilufts‑kommunikasjon, miljøovervaking eller nødkommunikasjon, og få innsikt i framtidas IoT‑løysingar.
- Meir om meshtastic på prosjektet si nettside
Meshtastic i Bergen?
Her skal det kome tankar og planar for å gjere det mogleg å kommunisere over meshtastic på Landås i Bergen:
- Eg vil ha minst éi eining som koplar seg på Bluetooth på telefonen, så eg kan sende og motta via den.
- Eg vil ha minst éi eining som er standalone – altså kan sende og motta meldingar utan noko anna.
- Eg vil ha minst éi eining fastmontert som kan fungere som ein repeater for eigne og andres meldingar – gjerne kopla til ei sentral maskin som lagrar innhaldet. Får eg denne høgt nok opp i landskapet kan den utvide det lokale nettet ganske langt.
- Eg vil ha éi eining eg kan setje på sykkelen eller ha med på tur, som fungerar som ein lokal repeater for einingane eg måtte ha med meg.