/r/place var eit tidbunde prosjekt på det sosiale mediet Reddit. På eit gigantisk lerret (først 1000x1000 piksler, men etter kvart meir) kunne brukarar plassere nokre pikslar i minuttet, og slik lage kunstverk og digitale grenseføringar for sine nisjer, hobbyar og interesser (og land, mykje land). Det blei kriga om land, ein kan plassere pikslane sine oppå andre sine, og slik endrar kunstverket seg dynamisk heile tida.

Prosjektet blei køyrd i 2017, i 2022 og i 2023. I 2023 såg det slik ut på siste dag:

68790D14-E7DF-416D-AD3D-37F65F816C47.jpg

Her er det mykje digital grensedraging med kart, nokre større kunstverk, og diverse fandoms som viser seg fram, samt mykje memes her og der.

Ei heilt ny verd

Nyleg starta Wplace.live opp, eit prosjekt som gjer litt det same, men med heile verda som lerret. Det gjer grensedraginga langt mindre aktiv, og kriginga kanhende meir om ein er usamd i det politiske bodskapet heller enn om faktisk moglegheit til å vise seg fram. Litt meir boltreplass, og kven som helst med ein Google- eller Twitch-konto kan logge seg på og teikne inn piksel for piksel. Dess meir du deltek, dess større “malingsbøtte” får du, og poeng til å kjøpe fleire fargar enn eit litt avgrensa 16 ein startar med.

For augneblinken ser Bergen nokolunde slik ut:

Skjermbilde 2025-08-19 kl. 08.52.21.png

Det er nemleg i Bergen at Aurora er frå. Iallfall i følgje internett. Litt nærare her.

Skjermbilde 2025-08-19 kl. 10.57.58.png

Folk frå ei rekke land (sjå hjarteflagga rundt ho), visstnok gjennom ein Aurora-Discord, eit chatterom for fans, organiserar det store arbeidet med å teikne Aurora over byfjella, og held ho vedlike når internettets evinnelege rabulistar teiknar raude auger, bart, eller grønt snott ut nasen på ho.

Rundt ho er eit hundretals mindre teikningar, lokale musikarar, globale merkevarer som Pokémon eller Hatsune Miku er populære, spel med nørdete fanbasar som Minecraft eller Deltarune, ein og anna Mummi-figur, TV-serien SKAM, favorittalbuma til folk, eller berre flagg. Flagg, flagg, flagg.

Andre lokale heltar er våre spelselskap, som har fått syne seg i D-Pad sitt Owlboy (diverre litt ufullstendig i skrivande stund) over Nordnes:

Skjermbilde 2025-08-19 kl. 11.09.22.png

D-Pad lagar også spelet Savant, som har mange pikslar til rådigheit i fjorden rundt Hilleren:

Skjermbilde 2025-08-19 kl. 11.09.30.png

Og mobilspelet Fun Run, frå bergenske Dirtybit er særs synlege over Kalfaret.

Skjermbilde 2025-08-19 kl. 11.09.16.png

(Om du ser andre, gi meg eit pip!)

Og så eit visst ungdomsbilete av ein lokal fyr i nærleiken av Fantoft Stavkyrkje, sjølvsagt. Men han kan få halde på i Frankrike slik han vil.

I andre lokale finurlegheiter, fordelt mellom dataspel-, musikk, og internettfandom, kan ein jo til dømes sjå sjøormen i Byfjorden:

Skjermbilde 2025-08-19 kl. 11.02.22.png

Rundt hovudet til sjøormen finn du den enklaste formen for deltaking for dei som ikkje nødvendigvis deltek med eigne verk, når folk lagar små hjarter rundt kunsten dei likar.

På fyren som har handteikna inn skinnetraseen til heile Bybanen (den oransje streken frå nedst i venstre hjørne – der banen startar ved flyplassen):

Skjermbilde 2025-08-19 kl. 11.03.34.png

På Bratland likar dei Kolonihagens peanøttsmør, Aurora som taco, og dei gleder seg over “brat summer”:

Skjermbilde 2025-08-19 kl. 13.49.23.png

…eller brua som blir bygd frå Sotra og ut mot Shetland.

Skjermbilde 2025-08-19 kl. 11.01.50.png

(Dei har eit stykke igjen:)

Skjermbilde 2025-08-19 kl. 11.08.39.png

Flyplassen vår er velsigna med eit herleg sjølvironisk «BERGEN?»-skilt like utanfor utgangen. Det var først eit lite kunstverk i Wplace, men no er eit større prosjekt på gong:

Skjermbilde 2025-08-21 kl. 10.00.38.png

Det er Brann-kamp i kveld, og Brann forsøker å setje sitt spor – til noko motstand frå dei som allereie hadde kunst der.

Skjermbilde 2025-08-21 kl. 20.29.46.png

Brann-kampen er over, og fansen har valgt ein meir forsiktig framgangsmåte:

Skjermbilde 2025-08-26 kl. 10.29.41.png

I Nordhordland skjer det noko stort, større enn Aurora!

Skjermbilde 2025-08-26 kl. 10.28.08.png

Det er nokon som har teikna inn heile Bergensbanen piksel for piksel. Eg fulgte den mot aust, og kom til Finse då eg såg ein kjend figur eller fem:

Skjermbilde 2025-08-26 kl. 10.38.41.png

BERGEN?-skiltet byrja å nærme seg ferdig, då hovudarkitekten brått slutta å teikne inn strekar for omlag ei veke sidan. “N?” står ufullført!

Skjermbilde 2025-09-02 kl. 22.35.05.png

Sidan eg ikkje har heilt størrelsesforholda og slikt på plass, ingen plan å fullføre den frå, så byrja eg i staden å teikne ned folka som skulle fullføre arbeidet.

Skjermbilde 2025-09-02 kl. 22.34.37.png

Eg ser for meg ansiktet til personen som er arkitekten bak når dei kjem tilbake og det står 700 små arbeidarar i ei forsamling og venter på bas-en sin.