Det er kanskje ikkje overraskande, men språk er ganske viktig for meg.

Mi favoritt-myte om Ivar Aasen er at han berre samla språk på vestlandet. Det er sjølvsagt bullshit, men den står sterkt i visse bokmålskrinsar.

Då pleier eg vise dei denne sida frå allmenning.no, som skildrar reisene hans i Noreg, den har også nokre hendige tabellar som viser ord han henta frå dei ulike delane av landet – mange som framleis er i både bokmåls- og nynorskordbokji.

Og nei, Aasen var aldri i Finnmark, men norsk var strengt talt ikkje majoritetsspråk der på han si tid (dette var idet fornorskinga av samar så smått var i startgropa). Ei heller var Aasens føretrukne samferdsle – apostlenes hestar – særleg effektivt der oppe i Thule.

Dette er ein presentasjon eg laga til mine utanlandske kolleger for å spreie det glade bodskap om nynorsk:

Mitt forhold til andre mål

Riksmål er ok, dei kan henge, men bokmål tyster til politiet kvar gong.

Bokmål er ikkje eit språk, bokmål er fråvær av språkleg vilje – godt illustrert av at Bokmålsforbundet er drive av folk totalt utan noko form for språkutdanning. Eg kan skrive bokmål på same måte som at eg kan lage Grandiosa, det er enkelt fordi det er gjort så mange gongar før.

Ulike variantar av samisk er kult, og eg skulle ynskje eg visste meir av det enn «lihkku beivviin».

Humor

Å seie «det er namnet på ska-punk/industri-reggea/lounge jazz-bandet mitt» etter morosame setningar er kanskje favorittvitsen min. I 2026 bestemte eg meg for å skrive ned alle gongane eg bruker denne vitsen:

Kvefsebol forlag

Fellesnamnet eg har gitt til alle publikasjonar eg publiserar: Kvefsebol forlag eller kvefsebol.party.

Har hittil gitt ut:

Feed-cuts

Alexandra Saemmer, professor i litteratur og sosiale medier, har utvikla ein måte å lage “found” poesi på, basert på innhaldet i din sosiale medier-feed. Måten er inspirert av William Burroughs “cut up method”.

Omsetjing

Ein slags hobby. Her er eit par i utvalg, nokre meir seriøse enn andre:

Dernest: Pokémon på nynorsk – eit tapt prosjekt

Rollespel-ordlister

Relatert