Eg er av den gamaldagse oppfatning at dersom ein vil at internett skal vere morosamt, så må ein bidra sjølv (gitt at plattformen er morosam å bidra på).
Etter at eg sletta alle mine diverse prosjekt på Xitter måtte eg difor ha noko nytt å putte ut i fødiverset som ikkje berre er mine eigne tankar om popkultur, klima og sykling.
Universitetsbiblioteket si Billedsamlingen er gøyal. Ikkje berre fordi den er ei enorm samling av bileter frå Bergen og Vestlandet (og bergenske og vestlandske folk), men også fordi det er så mykje KULT der!
Så eg laga ein profil som postar bileter med små forklarande tekstar på engelsk. Du finn den på Pixelfed.social: https://pixelfed.social/@BergenPix
Eg har også Sekund for sekund på bana (som skal poste eit bilete frå kvart sekund av opningsepisoden av “Blindpassasjer”-TV-serien til NRK i timen), men eg klarar ikkje heilt å løyse kvifor den ikkje fungerar. Work in progress.
Om de ikkje er snille, så lagar eg ein profil for Knausgårdminions på Mastodon/Pixelfed også.
Uneleg og skygt
