Kva?: Intervju

Eg har same synet som desse gamle på norsk språk, veit du. Eg er ikkje samd med den klussinga med normalen og nynorsken som er gjort i seinare tid. For det er vatna ut.

Desse unge er svært redde dei norske orda. No står dei i beit for eit ord i staden for å leita etter eit norsk ord – som vi har rikeleg av.

Så høgger dei bort i dungen av dansk-norsk eller riksmålet. Så no er det gamle danske ordet som gamle målfolk prøvde å kvitte seg med, å erstatte med norske ord, det er på veg inn att på full musikk i vanleg nynorsk. Slikt meiner eg er tull.

🇳🇴 Transkribering av Olav H. Hauge sine tekstar og intervju: