Eit slags første kapittel:
Er du klar over kor vanskeleg det er å flyge med magi? Magi fiksar på sett og vis det meste, men likevel er det ikkje slik at du kan snuble over ein tryllestav, og flyge same ettermiddag ved å gjere nokre enkle handleddsrørsler.
Å flyge er som å gå ved å flytte på verda i staden for på beina dine. I sanntid må du rekne ut kor hardt du skal bomme på bakken, medan du samtidig bestemmer deg for å flytte tilstrekkeleg med luft til høgre og venstre for deg så du kan svinge. Det er som å spele hurtigsjakk medan du stadig reknar deg fram til det neste talet i pi – det går kanskje greit dei første fire sekunda, men du går veldig raskt tom for tal, sjølv om du teoretisk sett berre har ti ulike valg kvar gong.
Berre spør Hedbjørn Odde, veteransamlar av skrubbsår på knea frå ulike flygeforsøk. Sjølv om han faktisk fann ein tryllestav medan han gjekk på gymnaset har han enno ikkje heilt løyst gåta om korleis ein flyg. Å produsere mat og vatn å leve av er forholdsvis enkelt, det krever berre at du transmuterar noko anna lett tilgjengeleg materie (som er grunnen til at burettslaget til Hedbjørn er irritert over at innkjørselen svært ofte treng ny pukk). Å lage pengar er verre, for sjølv om ein kan gjenprodusere svært gode forfalskingar har setlar registreringsnummer, og det er bankar særs gode på å avsløre. Å lage myntar er derimot ganske enkelt, men tidkrevjande nok til at det sjeldan blir ei særleg god timeløn – dessutan er det mistenkjeleg å vere fyren som alltid betalar med ei bøtte med tjuekroningar. På same måte er å flyge er også mogleg, men frykteleg vanskeleg.
Likeframt svevar Hedbjørn over eit nattestengd Dokken akkurat no, i kraft av gode improvisasjonseigenskaper. Naud lærer naken kvinne å spinne, seier ordtaket – og det er ikkje måte på kor raskt ein byrjer å spinne klede når ein blir kasta utanfor byens høgaste bru, med kjærleg lagt industriasfalt i akselererande fart på veg mot seg sjølv.
Fire sovande måker blei løysinga denne gongen. Hedbjørn knip tryllestaven mellom to fingrar, og vekkjer dei frå svevna med lyden av daggamle brødsmular mot tørt gras. Med ei sirkelrørsle produserer han ei sfære med venleg innstilt atmosfære som råkar over fuglane, og gjer skuldrene sine til deira beste vener. Måkene flyg umiddelbart mot han, og grip tak.
Fordelen med måker er at dei sjeldan skiftar meining når dei først er i gang, så han slepp taket på dei to trylleformlane – i trygg forventning om at måkene kom til å halde fram med gripetaket – og konsentrerer seg raskt om det neste problemet: måker kan ikkje bære særleg meir enn halvparten av vekta si, og Hedbjørn veger meir enn fire pølser i brød. Hedbjørn held tryllestaven i båe hender, og bøyger den faretrugande mykje mellom to knytta nevar. Resultatet synest brått, det nærast bular av brystmusklane til måkene, vengjene tek tak i lufta litt hardare, og trådane i jakkeermet knirkar faretrugande. Det kiler i magen til Hedbjørn idet han kjenner lufta treffe han litt rolegare, og nokre sekund etterpå bivånar han Puddefjorden i sakte dalande tilstand, hengande frå skuldrene etter fire måker som eigentleg ikkje skjøner kor sterke dei plutseleg har blitt.
Slik flyg ein, sjølv om ein ikkje kan flyge. Magi fiksar på sett og vis det meste, men som oftast ved å omskrive problemet. Det er som ein lyktestolpe; det er lettare å gå rundt den, enn å hoppe over – men resultatet er mykje det same.
Uneleg og skygt
