Eg er formann i Norsk Foreining for Rekreasjonell Bruk av Rekneark (ok, det er ikkje faktisk etablert enno), og reknar tal og ord i rutenett som ein sentral hobby i livet mitt.
Eg falt hovudstups for dette tidsfordrivet då eg fann ut at eg kunne bruke eit rekneark for å finne gode gjennomsnitt og outliers på prisane i det tekstbaserte narkotikahandel-abandonwarespelet «Drug Wars», etter å ha hatt fire timar med opplæring i Excel i datarommet på Lærdalsøyri Barne- og Ungdomsskule ein gong på tidleg 2000-tal.
Her er nokre av mine seinare innfall som blei utfall:
Uneleg og skygt
