Crungus – når kunstig intelligens skapar folkemyter
👹

Crungus – når kunstig intelligens skapar folkemyter

Programvare som Dall-E, som kan ta tekst som input og lage overraskande gode bileter basert på dette – som NRKbeta beskriver som «maskinenes kreative revolusjon» – er noko ein har håpt skulle kome ei stund. Eg hugsar vi fabulerte om slikt då eg studerte informasjonsvitskap i førre tiår, og det var ikkje akkurat nytt då heller.

🌲
Frå NRKbeta-saka

«For å lage et bilde med Dall-E skriver du en kort tekst om hva du vil ha. For eksempel «En astronaut som rir på en hest». Da kommer Dall-E opp med flere resultater. Dette er to av dem:

image

Dall-E kommer med flere forslag hver gang du skriver inn en ny tekst. Illustrasjoner: OpenAI / Dall-E»

Sjølv har eg leikt meg mykje i AIDungeon, som i prinsippet er ei historiemaskin, som reagerar på input. Det følest som tekstbaserte rollespel vi kjenner frå 80- og 90-talet, men har ein (begrensa) kunstig intelligens på andre sida, som har lært av store tekstmengder og gir eit svar den trur du vil like. Dall-E er steget vidare, og sjølv om den ikkje gir noko narrativ struktur (slik AIDungeon gjer), så er den iallfall på sporet av noko.

Something old, something new

Dall-E tek det du skriv inn og lagar noko basert på dette (som i eksempelet frå NRKbeta). Men kva skjer om du gir Dall-E noko som ikkje eksisterar?

Det var dette twitterbrukar brainmage forsøkte, då han gav Dall-E inputet «Crungus» for under eit døgn sidan:

Men kvifor har vi menneska aldri sett Crungus før? Twitterbrukar Smingleigh finn svaret, då han ber Dall-E vise Crungus i sollys.

Frå ein AI-generator for tekst får twitterbrukar 1amsancho dette:

«Observer effect» er (med unntaket av namnet på ein Star Trek-episode) skildringa av at å sjå på eit eksperiment i seg sjølv endrar konsekvensane av eit eksperiment.

Det at folk legger ut bileta Dall-E har laga av Crungus, vil føre til at Dall-E finner bileta den sjølv har laga av Crungus, når den blir fora med grunnlagskunnskap for korleis den lagar bilete. Dermed vil Crungus sjå ut som slik Crungus ser ut, fordi Crungus ser ut slik Crungus ser ut. Det er nokre spor av «Tilbake i Fremtiden» i dette, merkar eg.

Vi set direkte tilbake til eit fråsegn frå skaparen av Crungus, som er litt redd at han har henta opp eit monster frå underverda som burde få lov til å vere i fred.

Eller som Adrian Bott skriver det:

Eg har sett diskusjonar om kven som «eiger» bileter som blir skapt i Dall-E og av kunstig intelligens, og sjølv om mi personlege meining er «det burde vere i public domain», så er vel det keisamme svaret «eigarane av maskina eiger bileta».

Akkurat Crungus mistenkjer eg likevel vil gå utanfor eigarskap ganske kjapt. Som Bigfoot og huldra er Crungus no leirbålets eigedom.

Gå på Twitter og søk etter Crungus sjølv, og få med deg korleis ei myte blir fødd – live! Men, hugs å legge ut den vesle haugen med bein til han før du legg deg i kveld.

Relatert

🍃
Heim · Tekst og meiningar er mine eigne · DFTBA: Ikkje gløym å vere framifrå · Andreas H. Opsvik: @tanketom@tutoteket.no