Olav H. Hauge – Hauge om kvifor han vart modernist

Olav H. Hauge – Hauge om kvifor han vart modernist

Kva?
Intervju

– Det var ein av skulekameratane dine som fortalde at då du gjekk på gartnarskulen, så var du meir oppteken av den poetiske klangen i dei latinske namna på plantane enn i sjølve plantane. Når du høyrde Ranunculus glacialis, så vart det poetiske øyret ivrig.

Eg veit ikkje korleis det hadde seg, men det var den einaste filologien vi hadde. Det var sortsnamnet på fruktsortar og planter og blomar. Naturlegvis var dei latinske namna ekstra… gilde då.

– Då du skreiv ditt første dikt, var du vel berre konfirmert?

Nei, det var mykje før. Det var vel i tolvårsalderen. 12-13, tenkjer eg.

– Og då var du modernist frå starten av, er det sagt?

Ja, det er no så. Det var… Eg visste jo ikkje kva rim var for noko, og eg visste jo ikkje kva versemål var for noko heller, men eg laga nokre vers.

– Så du var modernist av vankunne?

Jau, jau, jau.