– Du er gartnar òg. Har gartnaren og poeten mykje til felles?
Det trur eg nok at dei hadde før. Ja, det er noko løge som eg har lagt merke til. Gartnaren har stende i eit eige ljos for folk flest. Og det kan eg sjå i litteraturen og, for av og til dukkar gartnaren fram i romanar. Det er som ein mann som steller med noko som eit slags arv frå Eden. Og så arbeider han på å realisere ein draum i menneskeslekta. Eg trur det.
Og eg trur nok at dei gamle gartnarane skjønte dette. Men no i dag trur eg at dei har falle for same freistinga er det som alle andre folk i verda. Dei har fått selje seg til profittjaget. Dei driv berre forretning.
Og difor er det ofte uhyggeleg i eit gartneri. Det er sprøytar og giftar og alt vondt. Og det er berre for utsjånaden og ikkje for kvaliteten.
Slik er det med fruktdyrkinga. Det er berre utsjånaden. Det er betre ytre som tel. Og så vekt naturlegvis. Vi skal selje. Og ikkje den eigentlege kvaliteten.
Så ja, det er liksom at gartnarane har på ein måte svike den gamle draumen. Ja, dette er stygt å seie. For eg er ein dårleg gartnar sjølv. Ja.