Olav H. Hauge – Hauge om det urbane

Olav H. Hauge – Hauge om det urbane

– Om du sjølv hadde budd meir sentralt, vanka på Teatercafeen, som det populært heiter, kunne du ha yta det same som du har gjort?

Det er ikkje godt å seie. Eg trur ikkje Teatercafeen er noko farleg plass, det finst ikkje farleg, det er ikkje noko løvehole heller, ein kan kome ut att derifrå, det er ikkje det.

Men livet hadde naturlegvis vore annleis. Og då hadde kanskje det ein hadde gjort vore annleis, det er no greitt det. Det er ikkje så godt å seie.

– Du hadde iallfall sakna dine ti mål med frukthage?

Ja, det kan vere greitt nok å ha noko arbeid, men det er ikkje alltid bra det heller – det kan bli for mykje av det.