Olav H. Hauge – Kva er poesi?

Olav H. Hauge – Kva er poesi?

– Wenaas sa ein gong om deg at du visste om all verdas vers, og då går det kanskje an å spørje deg: kva er poesi?

Nei, det var no litt overdrive, det. Det er ikkje råd å halde greie på det norske verset, langt mindre all verdas vers. Det går ikkje for nokon, og slett ikkje for meg. Men kva er poesi? Jo, det er mange som har lurt på dét. Ein har skrive mykje, og kunne sikkert laga store bøker berre med forskjellige definisjonar.

Kva det er, har eg sjølvsagt ikkje funne ut. Den dagen eg finn ut det, er det i grunn ikkje vits i å laga poesi meir.

Ja, eg vil seie det slik: Det som er poesi for éin, er ikkje sagt at det er poesi for ein anna. For ein slik som Isak Sellanraa er sikkert poesi bruksanvisninga på slåmaskina. For han var det stor poesi.

Poesi, eg vil forsøke å seie det slik, at det er noko som følgjer med det som vert sagt. Ikkje berre det som vert sagt og skrive, men det som følgjer det som hender nokon. Noko som følgjer det me ser og opplever.

Men kva det er, kan vere så mangt. Det er iallfall vanskeleg å gi det att i ord. Det er sjølvsagt noko av det same dei prøver, målarane, å gi att noko. Det er vanskeleg, same greia.

Og éin ting til: Det å vere inne på tanken som dei franske symbolistane, at poesi var noko du kunne få fram i rein form: Det er nettopp det som gjer at eg meiner at poesi, det er i slekt med, som nokre grunnstoff, at du ikkje kan få dei fram i rein form.

Nei. Det må vere blanda, det følgjer med ant og anna. Om eg fekk sjå poesi i rein form, så ville eg sagt det ikkje var poesi heller – for då var det daudt.

Frå NRK sine arkiv: