Olav H. Hauge – Under bergfallet

Olav H. Hauge – Under bergfallet

Under bergfallet

Du bur under bergefall.

Og du veit det.

Men du sår din åker

og trør trygt ditt tun

og lèt dine born leika

og legg deg

som inkje var.

Det hender,

når du stør deg til ljåen

ein sumarkveld,

at augo sviv som snarast

yver bergsida

der dei segjer

sprekken

skal vera,

og det hender

du vert liggjande vaken

og lyda etter

steinsprang

ei natt.

Og kjem raset,

kjem det ikkje uventa.

Men du tek til å rydja

den grøne boti

under berget

– um du då har livet.