John Darnielle er vokalist og låtskrivar i bandet The Mountain Goats.
Eit av mine favorittintervju med han er i første episode av podcasten “I only listen to The Mountain Goats”, der Joseph Fink og John Green og John Darnielle snakkar om songen “The Best Ever Death Metal Band Down in Denton” – ei vise om to gutar som startar band, og får alle draumane sine rivne opp med rota, og svergar hemn (eit vanleg motiv i TMG-songar).
Både John Green og John Darnielle er kristne, og førstnemnde trekker fram songen som ei hymne som har betydd mykje for han, trass at songen avsluttast med taktfast hyllest til Satan.
Diskusjonen om kva to kristne tykkjer om Satan og oppfatninga av Satan blant kristne og i samfunnet ellers er ei medrivande portefølje, og ei glimrande intro til denne podcasten – som fekk meg gjennom pandemien i 2020.
Episoden avsluttast med Laura Jane Grace (frå Against Me!) sin versjon av songen.