🎧

Nokre Spotify-lister eg genuint meiner er ganske bra

Good evening, Cleveland!

Eg er nok ikkje like oppteken av musikk som eg er ein del andre kulturuttrykk, men eg har ein tendens til å like ganske mykje forskjellig. Ei viss tendens til gitarbasert rock er det likevel.

Her er fem Spotify-spelelister eg liker akkurat no:

The Mountains Goats

The Mountains Goats er ein fyr som var ein alkoholisert nattesjukepleiar med rå lo-fi-musikk og rå hi-fi-tekstar som vart eit band som berre overraskar meg kvar gong. Dette trur eg er eit breitt felt av det TMG har å by på.

Fem låtar som gjer kvelden din

Denne lista har berre fem låtar, men det er faktisk nok. Dessutan, om du brukar desse fem til å shuffle inn andre låtar som liknar, så er så godt som alle bangers.

Sint pike

The Distillers-låta i Tony Hawk Pro Skater-soundtracket var ein tung gateway drug.

Kronologisk Johndoe

Oppgåva var at eg og ein kompis, som også er fan av den trønderske rockegruppa Johndoe, skulle lage ein slags intro til bandet – på under éin time. Dette var det vi krangla oss fram til.

Alt du treng å vite om meg

Ein Twitter-tråd som blei ei liste. Spenner over mykje av meg.

🍃
Heim · Tekst og meiningar er mine eigne · DFTBA: Ikkje gløym å vere framifrå · Andreas H. Opsvik: @tanketom@tutoteket.no