🗺️

Sykkelkart i Bergen

Dette er ei kartlegging av sykkelinfrastruktur i bergensområdet under arbeid sumaren 2023. Den er ikkje fullstendig.

Enkelt sagt, dess grønare og tjukkare streken er, dess meir tilrettelagt for sykkel er den. Mørkaste grøn er spesifikk sykkelinfrastruktur, sykkelvegar og sykkelfelt. Lysegrøn er gang- og sykkelsti. Gul er ulike variantar av gågater eller stiar på gåande sine premiss. Oransje er gater anbefalte av kommuna til sykling i blanda trafikk – der tjukkelsa varierar om det er lite eller middels trafikk der.

Kartet er tilgjengeleg i Google MyMaps (embedda over) og i OpenStreetMap-prosjektet Umap.

Eg jobbar framleis med å finne enklaste måte å fargelegge Umap-kartet i bolkar, slik det er gjort i Google MyMaps, heldigvis er CyclOSM og OpenCycleMap gode, samt Leonard.io for oversikt over nasjonale og lokale sykkelvegar.

Ynskjer du å bidra, eller få tilgjengelege kartdata for bruk andre stader? Les i denne lenka:

Korleis redigere i Sykkelruter i Bergen-kartet