💸

Veit du kor mykje det kostar å ha ein bil, eller?

Nokre folk må ha bil. Eg er ikkje begravd så langt ned i sykkeltwitter at eg ikkje ser det, oppvaksen, som eg jo er, på bygda. Difor er dei fleste av argumenta under hovudsakleg gjeldande om du bur i ein av Noregs tre-fire største byar, og andre områder som måtte ha sykkelvenleg infrastruktur.

Men veit du kor mykje det kostar å ha ein bil?

Dette er Opplysningsrådet for veitrafikken sine eigne kalkyler for kostnaden ved å ha bil, frå 2021.

image

77 427 kroner er det billegaste overslaget, som i denne kalkyla utgjer omtrent 10 000 kilometer i året (ein gjennomsnittleg personbil i Noreg køyrde 11288 kilometer i 2021, og var i snitt rundt 10 år gamal).

Mange ser denne tabellen og tenkjer «helsike, prisane for å køyre bil i Noreg burde ned!», eg tenkjer hovudsakleg «helsike, veit ikkje desse folka kor billeg andre framkomstmiddel er?».

Veit du kor mykje det kostar å ha ein elsykkel, eller?

Joda, verditapet på ein elsykkel er større det første året (i snitt rekna å vere rundt 50 %, med 10 %-ish kvart påfølgjande år) – men så er den då også på det jamne ganske mykje billegare enn ein ny bil, sjølv for dei dyre syklane. I tillegg slepp du betale alt av årlege avgifter eller bompengar. Over ein periode på like lenge som bilen over, for min 34 000 kroners sykkel, kjem eg unna med dette for rundt 5000 kroner årleg.

5000 kroner

Veit du kor mykje det kostar å ta bussen kvar dag, eller?

Om du bur i Bergen, og av ein eller anna grunn skulle føle for å kjøpe to billettar til og frå mellom jobb og heim kvar dag, kostar det deg i underkant av 30 000 kroner. Om du kjøper eit månadskort kvar månad, kostar det deg 9096 kroner. Om du kjøper to halvtårskort i året, kostar det deg 7704 kroner i året. Prisane er sånn nokolunde samanliknbare mellom våre tre største byar.

Det mellomste alternativet her er nok mest vanleg blant busspendlarane.

9096 kroner

Veit du kor mykje det kostar å ha ein bildelering, eller?

Vi har Dele (the bilkollektiv formerly known as Bildeleringen i Bergen), dersom vi skulle ta 10 hytteturar i året kostar det oss rundt 13000 kroner. Om vi skulle trenge å kjøpe eit stort møbel og frakte det sjølv, kostar det omtrent 400 kroner.

Veit du kor mykje taxi du kan ta for det gjenståande beløpet, eller?

Kostnad for bil (nypris 424 000) per år (over 12 år)
(Minst) 77 427 kroner
-
Kostnad for elsykkel (nypris 34 000) per år (over 12 år)
5000 kroner
-
Kostnad for 12 månadskort med Skyss.
9096 kroner
-
Kostnad for 10 helgeturar og fire store innkjøp for eitt år i Dele
14600 kroner
=
Restsum
48731 kroner

Frykteleg, frykteleg mykje.

Ifølgje «bil vs. taxi»-kalkulatoren til Smartepenger, kan du ta omtrent 150 taxiturar på til saman 2100 kilometer for 48855 kroner.

Min konklusjon

Relatert