🚲

Alt om sykkel og elsykkel og liknande fartøy

Aller først: Det er føreren av et kjøretøy som er ansvarlig for at det oppfyller de tekniske kravene. –Kjelde

Kva definerar ein sykkel?

  • Du kan sykle på den.
  • Ellers definert i Forskrift om krav til sykkel på denne måten: “Sykkel: Kjøretøy som drives frem ved trå- eller veivanordning, unntatt kjøretøy som bare er beregnet for lek.”
    • “Bare beregnet for lek” inkluderar blant anna ulike tråbilar for born, og liknande framkomstmiddel.

Kva definerar ein elsykkel?

Ein elsykkel:

  • Kan ikkje ha motorkraft om du ikkje tråkker på pedalane, og berre motorassistanse opp til 25 km/t – unntaket er funksjonar for såkalla oppstartsassistanse opp til 6 km/t.
  • Har inga vektbegrensing
  • Kan ikkje ha hjelpemotor med høgare nominell effekt enn 0,25 kW. Det finst tre unntak til denne regelen.
  • Kan køyre på sykkelvegar og anna køyrebane – har ingen krav til å bruke sykkelsti og sykkelveg om det finst.
  • Er ikkje eit motorkøyretøy, ifølgje Forskrift om krav til sykkel.
    • Det einaste unntaket er køyring i utmark, i Friluftsloven paragraf 4 er «sykkel med hjelpemotor» definert som køyretøy som i utgangspunktet er ulovleg – med mindre eigar av privat veg har gitt spesifikk tillating.

Kva definerar «små elektriske køyretøy» (elsparkesyklar og liknande)?

Ein «liten elektrisk motorvogn»:

  • Veger maksimalt 70 kg, inkludert batteri
  • Kan ikkje vere breiare enn 85 cm og ikkje lengre enn 120 cm
  • Har sperre for å køyre raskare enn 20 km/t.
    • Dei som går raskare kan heller ikkje brukast på lukka bane: “Vegtrafikkloven gjelder uansett om det er på offentleg veg, privat veg, offentleg eigedom, privat eigedom, i terrenget, på lukka bane, eller anna avsperra område.” –Kjelde
  • Kan køyre på sykkelvegar og anna køyrebane – har ingen krav til å bruke sykkelsti eller sykkelveg om det finst.
  • Kan ikkje ha sete, med mindre den også har sjølvbalanserande teknologi (variantar av Segway/Monowheel-liknande køyretøy) –Kjelde
  • Er eit motorkøyretøy, som definert i Forskrift om krav til liten elektrisk motorvogn

Anna

🚲
Diverse sykkelcopypasta – lenker om sykling
🚴‍♀️
Ting eg vil syklistar skal vite om syklistar
🚗
Ting eg vil bilistar skal vite om syklistar
💸
Veit du kor mykje det kostar å ha ein bil, eller?
🗺️
Sykkelkart i Bergen

🍃
Heim · Tekst og meiningar er mine eigne · DFTBA: Ikkje gløym å vere framifrå · Andreas H. Opsvik: @tanketom@tutoteket.no