Vi er mjuke, både på innsida og utsida.
Neida. Joda. Neida.
Vegtrafikklovens paragraf 3 er enkel
Enhver skal ferdes hensynsfullt og være aktpågivende og varsom så det ikke kan oppstå fare eller voldes skade og slik at annen trafikk ikke unødig blir hindret eller forstyrret. Vegfarende skal også vise hensyn overfor dem som bor eller oppholder seg ved vegen.
Eg får så definere meg som «ikkje ein av syklistane du er sint på». Elsykkelen min liknar meir på storebroren til sykkelen frå Brelett-reklama, og mi mest brukte sykkeldrakt er dongeribukse og skjorte. Eg stansar til og med og går med sykkelen over fotgjengarfeltet der det trengst.
Sjå ellers for ulukkesstatistikk og kven som forårsaker flest ulukker der syklistar er involvert.Diverse sykkelcopypasta – lenker om sykling
1. Du har lengre bremselengde enn ein sykkel
Inspirert av hendelser fra virkeligheten.
- Det betyr at når du ligg bak ein sykkel – til dømes i nedoverbakke, og spesielt på våt veg – så må du gi meir avstand enn du ville ha gjort til ein bil.
- Du treng iallfall ikkje å ligge deg ekstra tett på fordi du passivt-aggressivt meiner at syklisten burde ha gått meir enn 35 km/t i ei 30-sone.
- Ein sykkel har ikkje eit bremselys som gjer det lettare for deg å reagere raskt ved bremsing. Og det som ville ha vært en liten bonk i baksiden på en bil, betyr whiplash, totalødelagt sykkel og ny farge på panseret ditt.
2. Blinklyset ditt er ikkje berre til for andre bilistar
- Pendlevegen min er langs ein del heilt vanlege vegkryss, og eg har ikkje tal på kor mange gongar eg har måtte stoppe unødvendig fordi ein bilist ikkje viser med blinklys kvar den skal. Om det er fordi dei er dårlege til å bruke blinklys, eller berre ikkje tenkjer på syklistar på same måte veit eg ikkje – men det er uansett ei plage.
- Av dels same grunn meiner eg jo sjølvsagt også at alle syklistar bør bruke hendene for å vise kvar dei skal svinge, men det er (diverre?) ikkje lovpålagt slik blinklysbruk er.
3. Det er ikkje forbudt å sykle over gangfelt
- Men, bilistar har ikkje vikeplikt for syklistar om dei sit på sykkelen sin.
- Samtidig er det heller ikkje kjøreplikt: – Du har plikt til å stoppe hvis du er i ferd med å kjøre ned en syklist, seier Anette Hauge, seniorrådgiver i Veg- og trafikkjuridisk avdeling i Statens vegvesen.
4. Av og til er det faktisk du som har vikeplikt for syklistar
- Mange stader langs pendleruta mi har skiltmyndigheitene satt opp ekstra vikepliktskilt på stader der bilistar allereie har vikeplikt. Det finst rett så mange slike kryss, og dei er skilta for vår begges tryggleik.